Badsjahimoskeen (panjabi og urdu بادشاەى مسجد, Badshahi Masjid, 'Keisarmoskeen”) er ein moské frå mogultida i Lahore i Pakistan.[1] Moskeen blei bygd under stormogul Aurangzeb frå 1671 til 1673. Han ligg vest for Lahore festning, i utkanten av gamlebyen i Lahore.[2] Han er eit viktig landemerke i byen.[3]

Badshahimoskeen

Moskeen er bygd i utskoren raud sandstein med inkrustering av marmor. Han er eit viktig døme på mogularkitektur, og er ein av dei største frå perioden. Han er framleis den andre største moskeen i Pakistan.[4] Etter at Lahore blei teken av Sikh-riket og seinare britane, blei moskeen brukt som militær garnison.[5] Frå 1850-talet blei han tilbakeført til religiøs bruk.[6]

Kjelder

endre
  1. «Lahore's iconic mosque stood witness to two historic moments where tolerance gave way to brutality». 
  2. «Badshahi Mosque». Ualberta.ca. Arkivert frå originalen 3. desember 2014. Henta 2. januar 2014. 
  3. «Holiday tourism: Hundreds throng Lahore Fort, Badshahi Masjid - The Express Tribune» (på engelsk). 9. oktober 2014. Henta 10. september 2016. 
  4. Meri, Joseph (31. oktober 2005). Medieval Islamic Civilization: An Encyclopedia. Routledge. s. 91. 
  5. Sidhwa, Bapsi (1 January 2005). «City of Sin and Splendour: Writings on Lahore». Penguin Books India. Henta 10 December 2016 – via Google Books. 
  6. Amin, Agha Humayun. «Political and Military Situation from 1839 to 1857». Arkivert frå originalen 10. september 2017. Henta 24. august 2016. 
  Denne arkitekturartikkelen som har med islam å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.

31°35′16.74″N 74°18′33.67″E / 31.5879833°N 74.3093528°E / 31.5879833; 74.3093528