Opna hovudmenyen
Taj Mahal er eit døme på symmetrien ein finn i mykje mogularkitektur. Mausoleet er reflektert i ein vasspegel, eit anna utbreidd trekk.

Mogularkitectur er ein sørasiatisk byggjestil utvikla i Mogulriket frå 1500- til 1700-talet. Stilen blandar muslimske, persiske og indiske tradisjonar til praktbygg som slott, borger, moskear og mausoleum med tilhøyrande parkområde. Bygningar og anlegg i denne stilen finst i nordlege og sentrale India, Pakistan, Afghanistan, Nepal og Bangladesh, med særleg mange døme i Delhi, Agra, Fatehpur Sikri og Lahore. Det var vanleg å bruka persiske arkitektar og indiske arbeidarar til å utføra byggverka.

Innhaldsliste

SkildringEndra

 
Tsjhatri-paviljong og djali-gjerde i Agra-festningen.
 
Inngangsport til Djama-moskeen i Fatehpur Sikri med marmor-inkrustering på raud sandstein.

Tidlege mogulbyggverk var gjerne laga av raud sandstein eller kvit marmor, og hadde få bogar samanlikna med seinare bygg. Etterkvart blei marmor stadig viktigare.[1]

Mogulbygningar er kjenneteikna av store laukkuplar, tynne minarettårn, store hallar, høge rektangulære portar med bogar innvendig, lange trapper og elegant ornamentikk laga gjennom utskjeringar og inkrustering.[2] Andre viktige element er djali, eller dekorative gitter av stein, gjerne pynta med halvedelsteinar. Element frå hinduarkitektur var til dømes lotusmotiv, kolonnadar langs utsida av bygga og tsjhatri (chhatri) eller opne paviljongar med laukkuplar henta frå rajasthaniarkitektur.

Mange av bygningane er omgjevne av hagar, og i tillegg blei det laga mange frittståande hageanlegg. Dei byggjer på persisk hagestil, særleg i den firdelte utforming (tsjarbagh), den symbolske bruken av plantar og bruk av vatn som element. Fleire mogulbygningar er reflekterte i ein vasspegel som er ein del av hageanlegget.

Historisk utviklingEndra

 
Humayun-grava sett frå inngangsporten.

Moguldynastiet blei skipa av Babur då han vann slaget ved Panipat i 1526. Babur herska i fem år, og fekk bygd fleire bygningar, men få har overlevd. Sonesonen hans Akbar reiste mange byggverk, og stilen utvikla seg kraftig under hans regjeringstid. Humayun-grava til ære for far hans, Agra-festningen, festningsbyen Fatehpur Sikri og Buland Darwaza ('sigersporten') blei bygd under han. Akbar sin son Jahangir fekk laga Shalimar-hagen i Kashmir.

Under Shah Jahan nådde mogularkitekturen eit høgdepunkt. Balanse og symmetri blei særleg vektlagd; til dømes blei det laga ein spegelvend moskékopi (jawab, 'svar') på eine sida av Taj Mahal for å svara til moskeen på den andre. Stormogulen bygde mellom anna Djama-moskeen og Den raude borga i Delhi, Shalimar-hagen i Lahore og fleire bygg i Agra, mellom dei Taj Mahal. Sonen til Shah Jahan, Aurangzeb, brydde seg lite om kunst, men reiste likevel Badsjahi-moskeen i Lahore. Under han byrja tilbakegangen for mogularkitekturen.

 
Madras High Court i Chennai er eit døme på Indo-Saracenic Revival-stil, som mellom anna bygde på mogularkitektur.

Medan det meste av mogularkitekturen var kongeleg eller muslimsk inspirert, blei det også laga sikh-byggverk inspirert av stilen. Viktige gurdvaraer som Shri Tarn Taran Sahib frå 1590-talet blei bygd i mogulstil. Det gylne tempelet som blei laga noko seinare byggjer både på hindu- og muslimsk arkitektur.[3][4]

Seinare blei element frå mogularkitektur brukt til byggverk i Britisk India, i ein stil som er blitt kalla Neo-Mughal, Mughal-Gothic, Indo-Gothic, Hindu-Gothic eller Indo-Saracenic Revival. Denne stilen fann også vegen tilbake til Storbritannia, og blei brukt i bygg som Royal Pavilion og Western Pavilion i Brighton og Shah Jahan-moskeen i Woking.

Nokre mogulbyggEndra

Bagh-e Babur eller Babur-hagane i Kabul blei anlagt av Babur ca. 1528 og vidareutvikla av seinare stormogular.

Humayun hadde ei uroleg regjeringstid, og bygde lite. Han kan ha fullført festningen Purana Qila i Delhi, som var byrja av Sher Shah Suri. Ein av festningsportane er kjend som «Humayun-porten», og har karakteristiske tsjhatri-paviljongar på toppen.

Humayun-grava nær Purana Qila blei reist av enkja hans Haji Begum i 1565-1569. Med denne byrja tradisjonen med mausoleum med tilknytte hagar. Gravmælet har ein stor midtkuppel og port, noko som går igjen i fleire seinare bygg.

Akbar den store reiste ei rekkje bygningar. Han reiste byggverk som Agra-borga (Agra Fort) i 1565-1574, Djami-moskeen (Jami masjid) Jahangiri mahal og Ram Bagh, den første av elleve mogulhagar i Agra. Han grunnla også ein ny hovudstad, Fatephur Sikri, nær Agra. Her finst grava til sjeik Salim Chisti (1571), Mariam-uz-Zamani-slottet/Shabistan-i-Iqbal, det fem-etasjar høge Panch Mahal, Diwan-i-khas (møtestad for Akbar og rådgjevarane) og Buland Darwaza ('sigersporten', til minne om erobringa av Gujarat). Av meir allmennyttige bygg han reiste kan nemnast Sjahi-brua i Jaunpur (1564-1567).

Jahangir utmerka seg særleg gjennom å anleggja framifrå hagar, som Shalimar og Nishat Bagh i Srinagar i Kashmir. Kona hans Nur Jahan fekk laga Achabal-hagen i Kashmir. Jahangir reiste graver for far sin - Akbar-grava i Sikandra - og svigerfar sin - grava til Itmad-ud-Daula i Agra. Han fekk også bygd eit minnesmerke over ein hjort han hadde hatt - Hiran Minar.

Shah Jahan er særleg kjend som byggherre for Taj Mahal-mausoleet i Agra (1632-1654). Like ved laga han Mehtab Bagh, ein hage ein kunne nyta synet av Taj Mahal. Eit anna minnesmerke han laga var Jahangir-grava i Lahore. Den raude borga i Delhi, med bygningar inni som Diwan-i-Am og Diwan-i-Khas, den store Djami-moskeen (Jami masjid) i Delhi, Perlemoskeen (Moti masjid) i Agra og i Lahore og Shah Jahan-moskeen i Thatta (1644) er andre byggverk reiste under Akbar.

Aurangzeb bygde fleire moskear, som Badsjahi-moskeen i Lahore, som lenge var verdas største moské, Perlemoskeen i Den raude borga for sin eigen private bruk og Gyanvapi-moskeen i Varanasi. Han fullførte også Mekkamoskeen i Hyderabad.

Bibi Ka Maqbara (ca. 1651-1661), eit mausoleum til Aurangzeb si kone Rabia-Ud-Daurani/Dilras Banu Begum i Aurangabad, blei truleg bygd av sonen hennar Muhammad Azam Shah.[5] Dette er gjerne omtalt som ein mindre versjon av Taj Mahal. Azam Shah stod også bak fleire bygningar i Dhaka, særleg i Shahbag-området, og byrja den ufullførte Lalbagh-festningen i 1678 .

 
Asfi-moskeen i Lucknow er eit døme på sein mogularkitektur. Minarettårn på kvar side, store trapper og laukkuplar går att.

Seinare bygningar i mogulstil, tidvis i blanding med lokale stilar, blei reist av mindre fyrstar enn stormogulane, som nawabar og nizamar. Slike bygningar er til dømes Bara Imambara i Lucknow, Taj-ul-Masajid i Bhopal, Chaman Mahal i Islamnagar og Tipu Sultan-moskeen i Kolkata.

KjelderEndra

  1. «Mughal architecture» (2014), Encyclopædia Britannica. Henta 6. desember 2014.
  2. Sastri, B. Annapurna. «Mughal Architecture». Indian Architecture. indiapicks.com. Henta 2014-10-11. 
  3. «MUGHAL ARCHITECTURE»indiapicks.com
  4. «Tarn Taran», discoveredindia.com
  5. «Bibi-Ka-Maqbara», Archaeological Survey of India
  • Havell, Ernest Binfield. «Chapter IX, The Advent of the Moghuls», Indian Architecture, Its Psychology, Structure, and History from the First Muhannadan Invasion to the Present Day, 148-159. London: John Murray, 1913.

BakgrunnsstoffEndra

  Commons har multimedia som gjeld: Mogularkitektur