Baffinbukta

bukt mellom Grønland og Canada

Baffinbukta er havområdet mellom den nordvestlege delen av Grønland og dei arktiske øyane i det austlege Canada. Den 70. breiddgraden er sett som grense mot Davissundet i sør. Mot nord vert Baffinbukta innsnevra til det smale Naressundet mellom Nordvest-Grønland og Ellesmereøya. Baffinbukta er opptil 2 905 meter djup, om lag midt mellom Diskoøya og Kapp Raper på Baffinøya. I norddelen, ved innløpet til Smithsundet, er eit 50 000 km² stort polynja, eit havstykke der det heile året er ope hav.

Baffinbukta
bukt
Land  Grønland,  Canada
Del av Polhavet
Kart
Baffinbukta
74°00′05″N 67°59′47″W / 74.00135°N 67.996419444444°W / 74.00135; -67.996419444444
Wikimedia Commons: Baffin Bay

Labradorstraumen er ein arktisk havstraum som går mot sør frå Baffinbukta og langs kystane av Newfoundland og Labrador, og som lengre sør dreiar mot aust og går i hop med Golfstraumen. Vestis er den lokale nemninga for havis danna i Baffinbukta og Davissundet, vest for Grønland.

Isfjell ved Kapp York

På 1800-talet var Baffinbukta eit viktig område for kvalfangst, særleg av grønlandskval og narkval. Åra 1903-06 lukkast polarforskaren Roald Amundsen å sigle den lange vegen frå Baffinbukta til Alaska med «Gjøa»; han og mannskapet hans vart dermed dei fyrste som sigla gjennom heile Nordvestpassasjen.

Baffinbukta har namn etter den engelske sjøfararen William Baffin, som i 1616 sigla opp langs vestkysten av Grønland.

Kjelder

endre