Bakhun, også kalla bakhon, bak, hon eller hun, er det ytste stykket av trestokkar som er blitt saga opp til plank og bord. Det har derfor berre ei skoren side, medan den andre kan vera borkdekt. Bakhun er eit biprodukt ved trelastproduksjon, men har ei rekkje bruksområde.

Bakhunar
Tverrsnitt av trestamme med ulike oppskjeringsteknikkar avteikna.

Bakhun er billigare enn kjerneved, men skjørare. Det kan brukast som byggjemateriale til enkle bygg og skigardar, til trefiberplater og sponplater, kutta opp til flis som mellom anna kan brukast av cellulosefabrikkar og til bioenergi, eller som ved.

Tidlegare brukte ein gjerne bakhun til å byggja skur, kassar, skore til lekter eller stavar til tønner og liknande. Det har også mellom anna vore brukt til å driva dampsager.

Bakgrunnsstoff endre

Kjelder endre