Søraust-Asia
(Omdirigert frå Bakindia)
Søraust-Asia er ein region i Asia som omfattar området sør for Kina og aust for India. Regionen omfattar 11 land, mange av dei øystatar: Brunei, Kambodsja, Aust-Timor, Indonesia, Laos, Malaysia, Burma (Myanmar), Filippinane, Singapore, Thailand og Vietnam. Til saman bur det rundt 593 millionar innbyggjarar her. Bortsett frå Aust-Timor har landa danna ei blokk kalla Association of Southeast Asian Nations (ASEAN).
Omgrepet «Søraust-Asia» blei først brukt etter andre verdskrigen. Før dette blei regionen gjerne kalla Bakindia eller Indokina for fastlandsområdet, og Malayiske Arkipel for øyane.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Sørøst-Asia» frå Wikipedia på bokmål, den 7. mars 2010.