Llyn Tegid

(Omdirigert frå Bala Lake)

Llyn Tegid, på engelsk også Bala Lake,[1] er ein stor innsjø i Gwynedd i Wales. Det var den største naturlege innsjøen i Wales før vassnivået i innsjøen vart heva av Thomas Telford for å gje meir vatn til Ellesmere-kanalen. Han er 6,4 km lang og 1,6 km brei, og vert stundom råka av brå og farleg flaum. River Dee renn gjennom innsjøen og vatnet er kjend for å vere djupt og klårt. Byen Bala ligg ved den nordlege breidda og Bala Lake Railway går fleire kilometer langs sørsida av innsjøen.[2]

Bala Lake
Llyn Tegid
innsjø
Land  Storbritannia
Tilsig River Dee
Utløp River Dee
Lengd 6,4 km
Breidd 1,6 km
Areal 4,84 km²
Største djupn 42 m
Koordinatar 52°53′N 3°38′W / 52.883°N 3.633°W / 52.883; -3.633
Byar Bala
Kart
Llyn Tegid
52°53′00″N 3°38′00″W / 52.883333333333°N 3.6333333333333°W / 52.883333333333; -3.6333333333333
Wikimedia Commons: Llyn Tegid

Bala Lake er rik på gjedde, åbor, karpe, aure, ål og sik. Her finst òg det sjeldne blautdyret Myxas glutinosa - ein klebrig snigl.

Fleire selskap driv utleige av kajakk og andre typar båtar ved innsjøen.

Kjelder endre

  1. «Snowdonia: Eryri National Park to use Welsh lake names only». BBC News (på engelsk). 15. november 2023. 
  2. «Bala Lake Railway». Henta 3. september 2010. 

Bakgrunnsstoff endre