Baldakin (av italiensk baldacchino) er ei himling eller overdekking som ikkje er halden oppe av veggar, men av til dømes søyler eller feste til ein bakvegg.[1]

Baldakin for eit relikvarium.
Baldakin over alteret i Peterskyrkja laga av Bernini.

Opphavleg viste omgrepet til ein type silke frå Bagdad, som var kjend som Baldacco på italiensk i mellomalderen. Seinare kunne det visa til ei himling av tøy som blei boren i prosesjon eller montert over ein sitteplass (også kalla «tronhimmel») som symbolsk vern og markering av vyrdnad. Etterkvart kunne det visa til liknande former for dekke, også permanent arkitektur av harde materiale.

Baldakinar kan byggjast som framspringende tak over inngangsparti eller visse opphaldsstader, som alter, preikestol, senger, troner, relikvarium og statuar.

Ein baldakin boren av fire søyler over eit alter blir kalla eit ciborium. Baldakinar kan også framleis vera flyttbare og brukast som vyrdnadsteikn i prosesjonar over ein æresperson eller æresgjenstand.

Sjå òg endre

Kjelder endre

  • Gunnarsjaa, Arne (1999) Arkitekturleksikon. Oslo : Abstrakt forlag. ISBN: 82-7935-007-1 (e-bok ved nb.no)
Fotnotar
  1. «Baldakin». Store norske leksikon. 12. juni 2018. Henta 29. juli 2018.