Balder Brygg er eit mikrobryggjeri i Leikanger i Sogn og Fjordane. Det byrja ølproduksjonen i 2012. Verksemda trekk linjer tilbake til vestnorsk heimebryggartradisjon samtidig som dei også lagar lagerøl.

Øl laga med tradisjonelle bryggemetodar og overgjæring (ale) er Gammal-Ole, som liknar engelske old ale-typar, og Bergen Pale Ale, eit pale ale som minner om IPA. Undergjæra lagerøl er Sognapils, Sognapils Extra, Vårøl, Julebukk, Turken, Kjedlarpils og Eplepils.

Bryggjeriet bruker Baldersteinen som motiv på flaskeetikettane.

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra