Ballater
Ballater (Skotsk gælisk Bealadair) er ein by (town) i regionen Aberdeenshire i Skottland, med historisk status som burgh. Ved folketeljinga i 2001 hadde Ballater 1446 innbyggjarar.[1] I 2006 vart folketalet estimert til 1 520 innbyggjarar.[2]
Ballater | ||
---|---|---|
skotsk-gælisk | Bealadair | |
Kyrkja i Ballater. Foto: Colin Smith
| ||
Plassering | ||
Styresmakter | ||
Land | Storbritannia | |
Konstituerande land | Skottland | |
Region | Aberdeenshire | |
Geografi | ||
Innbyggjarar - By (2001) |
1 446 | |
Koordinatar | 57°3′N 3°3′W / 57.050°N 3.050°W | |
Diverse annan informasjon | ||
Postnummer | AB35 | |
Telefon-retningsnummer | 0 1339 | |
Ballater ligg like austom Cairngormsfjella ved elva Dee. Byen har mykje turisme knytt til fotturar i Cairngorms nasjonalpark, og er òg kjent for det lokale kjeldevatnet som ein trudde hadde lækjande effekt mot struma.
Balmoral Castle ligg ca 14 kilometer vest for Ballater. Herregarden Birkhall ligg òg like ved byen.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Ballater» frå Wikipedia på bokmål, den 27. juli 2011.
- Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene:
- ↑ «Comparative Population Profile: Ballater Locality» (på engelsk). Scotland's Census Result OnLine. Henta 27. juli 2011.
- ↑ «Mid-2006 Population Estimates for Settlements in Scotland» (Excel) (på engelsk). General Register Office for Scotland. 10. juli 2008. Henta 27. juli 2011.