Ballistikk (av gresk ballein (βάλλειν), 'kaste') er læra om rørslene til utskotne prosjektil under flukt gjennom eit medium og når det trengar inn i målet.[1] Ballistiske prinsipp blir til dømes nytta i samband med skytevåpen, der ei kraft (eksplosjon, magnetisk eller gass) pressar eit prosjektil ut eit løp og ut av munningen til fri flyging.

Ballistikk-illustrasjon frå 1547.

Ballistikken som vitskap blei grunnlagd av italienaren Niccolò Tartaglia då han oppdaga at banen til lekamar som rører seg fritt i rommet er krum. Det var likevel Isaac Newton som fann ut at banen i ei lufttomt rom kan skildrast som ein parabel. Dette gjorde det mogleg å bryta opp slike rørsler og å gjera berekningar.[2]

Ballistikk for gevær- og kanonløp

endre

I dag omfattar ballistikk alle stadia av «levetida» til eit prosjektil. Slik ballistikk kan delast i fire greiner:[3]

  1. Indreballistikk skildrar det som føregår i gevær- eller kanonløpet; forbrenning av krut, trykkoppbygging, akselerasjon av prosjektilet, varmetap til løpet, friksjon mot løpet osb.
  2. Overgangsballistikk handlar om kva som skjer når ein lekam går over frå å påførast kraft i eit løp til å avgi kraft når det går ut i fri flukt.
  3. Ytreballistikk skildrar korleis prosjektilet rører seg i atmosfæren; luftmotstand, stabilitet, vindpåverknad osb.
  4. Terminal ballistikk skildrar korleis prosjektilet påverkar målet; penetrasjon i målet, perforering, sårballistikk, oppbryting av prosjektilet osb.

Kjelder

endre
  1. Antonsen, Askild (12. mars 2018). «ballistikk». Store norske leksikon (på norsk bokmål). 
  2. McCoy, A. (2014). The grapes of math : how life reflects numbers and numbers reflect life. London: Simon & Schuster. s. 90–92. ISBN 1451640110. Henta 5. oktober 2015. 
  3. U.S. Marine Corps (1996). FM 6-40 Tactics, Techniques, and Procedures for Field Artillery Manual Cannonry. Department of the Army. 

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Ballistikk