Bangor i Nord-Irland
- Denne artikkelen handlar om Bangor i Nord-Irland. For andre stader med same namn, sjå Bangor.
Bangor er ein by i Down i Nord-Irland. Han er ein kystby på sørsida av Belfast Lough, som voks opp ved eit kloster grunnlagt av St. Comgall i 586. Klostret er kjent som staden der Antiphonarium Benchorense vart skriven, og ein kopi av manuskriptet er utstilt i kultursenteret i byen.
Bangor | ||
---|---|---|
Plassering | ||
Styresmakter | ||
Land | Storbritannia | |
Konstituerande land | Nord-Irland | |
Region | County Down | |
Geografi | ||
Innbyggjarar - By (2007) |
61 527 | |
Koordinatar | 54°40′N 5°40′W / 54.667°N 5.667°W | |
Diverse annan informasjon | ||
Postnummer | BT19-20 | |
Telefon-retningsnummer | 028 | |
Nettstad: www.northdown.gov.uk | ||
Byen er den tredje største i Nord-Irland, og er administrasjonssenter for distriktet North Down. Han har ein marina som òg er blant dei største i Nord-Irland. Royal Ulster Yeacht Club har hovudkvarteret sitt der.
Fordi Bangor ligg nær Belfast og er knytt til han gjennom vegen A2 og ei jernbanelinje, har han eit visst preg av å vere ein forstad til Belfast. Det finst noko lett industri, men mange av innbyggjarane er pendlarar. Turisme er ein viktig næringsveg, og det er planar om å oppruste området ned mot sjøen.
Fredsprisvinnaren og unionistpolitikaren David Trimble og Formel 1-føraren Eddie Irvine er begge opphavleg frå Bangor.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Bangor (Nord-Irland)» frå Wikipedia på bokmål, den 13. juli 2011.