Opna hovudmenyen

Bareq (òg skrive Bariq, arabisk skrift بارق) er eit guvernement nordvest i Asir, 120 km nord for Abha i Saudi-Arabia. Det dekkjer eit område midtvegs mellom Tihama og Asir, 389 meter over havet. Folketalet er estimert til 50 113 og innbyggjarane her er ganske velståande. Byen Bariq har vokse raskt og har mange offentlege tenester. Han er ein av vinterferiestadane i Asir på grunn av den vene naturen og dei milde vintrane i området.

Bareq
بارق, Bariq
guvernement
Bareq102.jpg
Land Flag of Saudi Arabia.svg Saudi-Arabia
Region Asir
Høgd 389 moh.
Koordinatar 18°55′56″N 41°56′38″E
Folketal 50 113 2010
Folketettleik 50 113 / km²
Borgarmeister Abdul Rahman al-Asmari
Guvernør Sultan al-Sudairi
Tidssone EAT (UTC+3)
 - Sommartid EAT (UTC+3)
Saudi Arabia location map.svg
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Bareq

Innhaldsliste

HistorieEndra

 
Gamle hus i Atharb.

Bariq vart grunnlagd i år 220 i området som historisk vart kalla «Jemen».[1][2][3]

Den første saudiarabiske staten kom til på 1700-talet, var landsbyane i Bareq styrte av lokale klanar på liknande måte som i Nejd, medan store stammeforbund opprettheldt ein stor grad av sjølvstyre. Bareq støtta seg til Den første saudiarabiske staten i 1809 under leiarskap av Bareq-høvdingen Ahmed Ibn Zahir frå Humaydah-klanen.[4][5]Den første saudiarabiske staten vart øydelagd av egyptarane i 1818, fortsette folket i Bariq å kjempe mot egyptiske styrkar i regionen sin. Egyptarane trekte seg attende i 1840.[6]

I 1872 tok tyrkarane direkte kontroll over regionen og Bareq vart ein sanjak i det tyrkiske Jemen, og vart verande i Det osmanske riket dei neste 42 åra.[7][8] I 1880-åra vart Idrissi-dynastiet frå Sabya den dominerande politiske makta, og styrte regionen under tyrkiske rådgjevarar. I 1910 byrja Muhammed ibn Ali al-Idrisi, ein etterkomar av Ahmad Ibn Idris, å få politisk kontroll i Bareq. Etter forhandlingar med Italia, som hadde interesser i det nærliggande Somalia, kom Idrisi-styrkane til Muhammed i konflikt med osmanske styrkar i Ajama. Idrisis vart slått i 1911 av hasjemittane under Hussein ibn Ali, sharif i Mekka,[9] som då framleis var lojal til osmanarane, men dette snudde då Muhammed ibn Ali inngjekk ein hemmeleg militærallianse med Storbritannia (som då var i krig med osmanarane) i 1915, og Sharif Hussein byta seinare side og slo seg saman med britane mot osmanarane.[10]

Tyrkiske soldatar trekte seg attende etter krigen braut ut i 1914, og det tyrkiske styret i Bareq vart enno svakare. I april 1915 signerte britiske agentar, som håpte på å få Bariq si støtte, ein avtale med Idrisi-emiren som garanterte dei sjølvstende og tryggleik om tyrkarane vart slått. Soldatane frå Bariq kjempa mot tyrkarane som allierte til britane.

Mot slutten av fyrste verdskrigen, vart Muhammed ibn Ali herskar over ein internasjonal anerkjend, suveren stat, fram til han døydde i 1920. Territoria i emiratet strekte seg frå Bareq i nord til Hudaydah i sør. Etterkomarane til Muhammed klarte ikkje å stå i mot den aukande makta til Abd Al-Aziz Ibn Saud, som byrja å annektere område sør på Den arabiske halvøya og naboområda etter Muhammed døydde. Saudiarabarane tok Bareq i 1924,[11] og frå den gong var Bareq kontrollert av huset Sa'ud - ein situasjon som vart formalisert i 1934 med Taif-avtalen mellom Saudi-Arabia og Jemen.

GeografiEndra

Bareq er eit dalrikt landskap som ligg 389 meter over havet, kring 90 km innover i landet frå Raudehavet. Det ligg 120 km nordvest for Abha. Distriktet Bareq byrjar kring 15 km nord for Muha'il, og dekkjer eit areal på kring 65 km frå nord til sør og 90 km frå aust til vest, og grensar til Tanomah i aust, Majaridah i nord, Muhail i sør og Qunfudhah i vest.[12] Det er eit frodig område som er rikt på vatn og godt oppdyrka med dura, dukhn, bygg og sesam som dei viktigaste avlingane.[13][14]

Nabolag og landsbyarEndra

 
Sentrum i Bareq




KlimaEndra

Bareq har eit tørt, tropisk klima med ein årleg middeltemperatur på 30 °C. I januar ligg dagtemperaturen stort sett på kring 27-28 °C og om natta ned mo 17 °C, medan dagtemperaturen i juli i snitt er 33-34 °C og om natta 20 °C.

KjelderEndra