Barneombodet
Barneombodet er eit offentleg ombod, skipa med heimel i Lov om barneombod av 6. mars 1981. Ombodet si oppgåve er å sjå til at lovgjeving som gjeld barn sine interesser blir etterlevde. Barneombodet blir utnemnt av Kongen i statsråd for ei fireårsperiode, og kan maksimalt sitje i to periodar. Barneombodet er ein fagleg autonom institusjon, men er administrativt underlagt Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet.
Barneombodet | |||
| |||
Type | Forvaltingsorgan | ||
---|---|---|---|
Virkefelt | Noreg | ||
Skipa | 1981 | ||
Org.nummer | 971527765 | ||
Barneombud | Inga Bejer Engh[1] | ||
Hovudkontor | Karl Johans gate 7, 0154 Oslo | ||
Undergrupper | Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet | ||
Eigar | Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet[2] | ||
Tilsette | 18 (2015)[2] | ||
Nettside | barneombudet.no |
Historie
endreI boka «Umyndige personer» lanserte Anders Bratholm tanken om eit barneombod i Noreg allereie i 1969. Etter debatt utover på 1970-talet blei Barnelovutvalet sett ned i 1975, leia av Frederik Beichmann. Ved opprettinga i 1981 blei Målfrid Grude Flekkøy det første barneombodet i verda.
Barneomboda
endre- 1981–1989: Målfrid Grude Flekkøy
- 1989–1995: Trond-Viggo Torgersen
- 1996–2004: Trond Waage
- 2004–2012: Reidar Hjermann
- 2012–2018: Anne Lindboe
- 2018–2024: Inga Bejer Engh
Ida Hjort Kraby blei utnemnd 8. februar 2008, og skulle etter planen tiltre som nytt barneombod i april 2008, men trekte seg allereie 14. februar 2008 etter at det blei kjent at det hadde vore personleg kontakt med barne- og likestillingsminister Manuela Ramin-Osmundsen, sjå Barneombodsaka. Reidar Hjermann hadde sin siste arbeidsdag på kontoret 11. april 2008, og nestleiar hos barneombodet Knut Haanes tok til 14. april 2008 som fungerande barneombod medan arbeidet med å tilsette ein etterfølgjar heldt fram. Reidar Hjermann blei så gjenoppnemd 20. juni 2008.
Kjelder
endre- ↑ «Om Barneombudet». barneombudet.no. Henta 17. august 2018.
- ↑ 2,0 2,1 Talet på tilsette i følge Norsk samfunnsvitenskapelig datatjenestes forvaltningsdatabase