Barra Isles, òg kjent som Bishop's Isles sidan dei historisk var eigd av kyrkja, er ei øygruppe i Atlanterhavet på vestkysten av Skottland. Barra Isles består av ti mindre øyar sør for øya Barra i dei ytre Hebridane.

Barra Isles
Fuglefjell på Sandray Foto: Thomas Dick
Fuglefjell på Sandray
Foto: Thomas Dick
Geografi
Barra Isles is located in
Stad Atlanterhavet
Koordinatar 56°48′41″N 7°38′15″W / 56.811389°N 7.6375°W / 56.811389; -7.6375
Øygruppe Ytre Hebridane
Tal på øyar 10
Store øyar Mingulay, Vatersay, Berneray, Pabbay, Sandray

Høgaste punkt Càrnan (Mingulay) (273 moh.)

Administrasjon
Land Skottland
Region Ytre Hebridane
Største busetnad Baile Bhatarsaigh

Demografi
Folketal 94 (på Vatersay) (2001)

Utsikt frå HeavalBarra mot Barra Isles.
Foto: ChrisMcLean

Dei fem største øyane er (frå nord til sør) Vatersay, Sandray, Pabbay, Mingulay og Barra Head (òg kjent som Berneray). Vatersay er den største øya. Mingulay er nest størst, og her ligg det høgaste punktet i øygruppa, toppen Càrnan som er 273 meter over havet. Vatersay har vegsamband med Barra, og er den einaste øya som framleis er busett (94 innbyggjarar i 2001).

Det er òg fem mindre øyar: Flodday, Heishival Mòr, Lingay, Muldoanich og Uineasan.

Kjelder

endre