Barry White
Barry White (fødd 12. september 1944 som Barry Eugene Carter, daud 4. juli 2003) var ein USA-amerikansk songar og låtskrivar.
Barry White | |||
Barry White i Grand Gala du Disque Populaire i 1974. | |||
Fødd | 12. september 1944 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Galveston i Texas i USA | ||
Død | 4. juli 2003 (58 år) | ||
Dødsstad | Los Angeles i California i USA | ||
Fødenamn | Barry Eugene Carter | ||
Aktiv | 1960–2003 | ||
Sjanger | R&B, soul, funk, disco | ||
Instrument | Piano, cembalo, klaverinstrument, vokal, trommer, blokkfløyte | ||
Stemmetype | bassbaryton | ||
Tilknytte artistar | Love Unlimited, The Love Unlimited Orchestra, Gene Page, Danny Pearson, Gloria Scott, Lisa Stansfield | ||
Plateselskap | 20th Century, Unlimited Gull, Casablanca, Mercury, Private Music/BMG, A&M, Eagle | ||
Verka som | Songar-låtskrivar, plateprodusent, arrangør, musikar | ||
Prisar | stjerne på Hollywood Walk of Fame |
Han var kjend for den særeigne bass-baryton-røysta og det romantiske imaget og vann tre Grammy-prisar gjennom karrieren. Størst suksess hadde White i 1970-åra som soloartist og med Love Unlimited Orchestra, der han spelte inn fleire soul-, funk- og disco-låtar som dei to største hittane hans, «You're the First, the Last, My Everything» og «Can't Get Enough of Your Love, Babe».
I løpet av karrieren sin fekk White i alt 106 gullplate verda over, 41 av desse med status som platina. I tillegg hadde han 20 gull- og 10 platinasinglar, og totalt selde han over 100 millionar plater verda over, og er ein av dei mestseljande artistane gjennom tidene.[1]
White var overvektig det meste av livet og sleit med helseproblem knytt til vekta si. Han døydde i 4. juli 2003 av nyresvikt som følgje av diabetes og høgt blodtrykk. Han vart posthumt innlemma i Dance Music Hall of Fame.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Barry White» frå Wikipedia på engelsk, den 16. mai 2016.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Smith, Steve (September 20, 2013). «Barry White Gets Walk of Fame Star». San Gabriel Valley Tribune. Henta 16. mai 2016.
Bakgrunnsstoff
endre- Barry White på Allmusic
- Barry White ved The Internet Movie Database (IMDb)