Bassbaryton
Songrøyster | |
Kvinnerøyster | Mannsrøyster |
---|---|
Sopran (S) |
Tenor (T) |
Mezzosopran |
Baryton |
Alt (A) |
Bass (B) |
Bassbaryton er ei røyst som ligg mellom baryton og bass. Bassbarytonen syng ofte både baryton- og bassroller.
Omgrepet voks fram seint på 1800-talet for å skildra den særskilde typen røyst ein trengde for å synga tre Wagner-roller: Hollenderen i Der fliegende Holländer, Wotan/Vandraren i Ring-syklusen og Hans Sachs i Die Meistersinger von Nürnberg. Wagner kalla desse rollene Hoher Bass ('høg bass', sjå fach for meir).[1] Mange klassiske barytonroller i operaer av Mozart, som Don Giovanni, Figaro og Gugliemo, blir i dag typisk framført av bassbaritonar sjølv om dei blei skrivne før omgepet «baryton» kom i bruk.[2] Gilbert and Sullivan sine Savoy-operaer hadde ofte ein komisk bassbaryton-figur for å nytta Richard Temple, eit av medlemmene av D'Oyly Carte-kompaniet.
Nokre kjende bassbarytonar er Ian Curtis, Bryn Terfel, Ulf Lundmark, Erik Saed, Bengt Krantz, Arne Hasselblad, James Morris, Ferruccio Furlanetto og Samuel Ramey.
Repertoar
endreNokre operaroller som ofte blir utført av bassbaryton (nokre gonger av høge bassar):
- Don Pizarro, Fidelio av Ludwig van Beethoven
- Golaud, Pelléas et Mélisande av Claude Debussy
- Olin Blitch, Susannah av Carlisle Floyd
- Méphistophélès, Faust av Charles Gounod
- Leporello, Don Giovanni av Wolfgang Amadeus Mozart
- Don Alfonso, Così fan tutte av Wolfgang Amadeus Mozart
- Figaro, Figaros bryllup av Wolfgang Amadeus Mozart
Grunnleggjande bassbarytonroller i opera:
- Escamillo, Carmen av Georges Bizet
- Igor, Prins Igor av Aleksandr Borodin (også sunge av vanlege barytonar)
- Porgy, Porgy and Bess av George Gershwin
- Dei fire skurkane, Les contes d'Hoffmann av Jacques Offenbach
- Scarpia, Tosca av Giacomo Puccini (også sunge av vanlege barytonar)
- Dutchman Der fliegende Holländer av Richard Wagner
- Hans Sachs Die Meistersinger av Richard Wagner
- Wotan Der Ring des Nibelungen av Richard Wagner
- Amfortas Parsifal av Richard Wagner
Bassbarytonroller i verk av Gilbert and Sullivan:
- Trial by Jury: Usher
- The Sorcerer: Sir Marmaduke Pointdextre
- H.M.S. Pinafore: Dick Deadeye
- The Pirates of Penzance: The Pirate King
- Patience: Colonel Calverley
- Princess Ida: King Hildebrand
- The Mikado: The Mikado of Japan
- Ruddigore: Sir Roderic Murgatroyd
- The Yeomen of the Guard: Sergeant Meryll
- The Gondoliers: Don Alhambra del Bolero
Andre bassbarytonroller:
Kjelder
endre- ↑ Stark, James (2003). Bel Canto: A History of Vocal Pedagogy. University of Toronto Press. ISBN 978-0-8020-8614-3.
- ↑ «Bryn Terfel Opera Repertoire». Harlequin Agency Limited. 18. juni 2008. Henta 18. juni 2008.
- Denne artikkelen bygger på «Bass baritone» frå Wikipedia på engelsk, den 24. november 2016.