Barstad i Vartdal
Barstad i Vartdal er ein matrikkelgard i tidlegare Vartdal kommune, noverande Ørsta kommune. Matrikkelgarden har gardsnummer 90 i Ørsta.
Barstad i Vartdal | |||
stad | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Møre og Romsdal | ||
Kommune | Ørsta | ||
Postnummer | 6174 BARSTADVIK | ||
Gardnummer | 90 | ||
Ferdselsårer | E39 | ||
Garden ligg på ei slette i bygda Barstadvik, ved Storfjorden. Garden ligg på sørsida av Storelva i dalføret. Han vert avgrensa av Storelva, og av matrikkelgardane Melbø (i nordaust) og Lynge (i sørvest).
Tre brukarar på Barstad skatta til tiendpenningskatten i 1520. I 1603 var det sju brukarar av garden. Talet på gardsbruk låg frå sju til ni dei neste 250 åra, husa låg då i eit klyngjetun. Garden vart utskift i åra 1868-70, frå siste tiåra av hundreåret vart elles fleire av bruka på Barstad delt i to. Gardsbruka vart då liggjande langsetter bygdevegen (til Erdal).
Før eit stormver skadde og øydela mange av husa på garden i siste halvdel av 1700-talet, låg klyngjetunet nærare Storelva. Etter dette flytta brukarane vestover mot fjellfoten til nytt klyngjetun. Garden hadde seter på Barstadsætra 5 km unna klyngjetunet.
Frå kring 1905 fekk Barstad busetjing som ikkje var knytt til landbruk. I fyrste omgang kom denne nær fjorden og Vartdalsstrandvegen, seinare og framover på sletta. Vegen langs Vartdalsstranda frå grannebygda Bukta vart bygd i 1873-74. Denne vegen vart omlagd i perioden 1956-58, då strekninga vart del av hovudveg-sambandet mellom Bergen og Ålesund, noverande Europaveg 39. Hovudtilkomst mellom bruka og i bygda elles er Fylkesveg 5910.
Folketal
endre- 1801: 47 personar (9 heimar)
- 1865: 47 personar (8 heimar)
- 1900: 76 personar (11 heimar)
Kjelder
endre- Buset, Johannes: Vartdalssoga. Første bandet. 1964
- Grøvik, Ivar: Vartdalssoga. II. 1983
- Folketeljingar for 1801, 1865 og 1900