Béla Bartók
Béla Bartók (25. mars 1881–26. september 1945), fullstendig ungarsk namn Bartók Béla Viktor János, var ein ungarsk komponist og pianist. Han var ein leiande komponist på 1900-talet, og er saman med Liszt rekna som Ungarns største komponistar. Bartók høyrer til modernismen, men samla og fann inspirasjon i folkemusikk, og er rekna som ein av grunnleggjarane av etnomusikologi.
Béla Bartók | |||
| |||
Fødd | 25. mars 1881 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Sânnicolau Mare | ||
Død | 26. september 1945 (64 år) | ||
Dødsstad | New York by | ||
Opphav | Ungarn, USA | ||
Sjanger | opera, klassisk musikk | ||
Instrument | piano | ||
Verka som | komponist, klassisk pianist, koreograf, musikkforskar, musikkpedagog, etnomusikolog, universitetslærar, collector of folk music, musikar, pianist | ||
Mor | Paula Voit | ||
Far | Béla Bartók | ||
Gift med | Ditta Pásztory-Bartók, Márta Ziegler | ||
Born | Péter Bartók, Béla Bartók | ||
Prisar | Kossuthprisen, Grammy Trustees Award, Ridder av Æreslegionen, Honorary Member of the International Society for Contemporary Music |
Liv og virke
endreBéla Bartók var fødd i Nagyszentmiklós i Banatregionen i kongedømet Ungarn som var del av Austerrike-Ungarn, no Sânnicolau Mare i Romania. Faren stamma frå lågare ungarsk adel, mora var ungarar med tysk morsmål. Béla viste tidleg musikalsk talent, og fekk pianoundervisning av mora.
Faren døydde då han var fem, og familien flytta først til Nagyszőlős (no Vynohradiv i Ukraina) og deretter Pozsony (no Bratislava i Slovakia). Det var her Béla Bartók heldt sin første konsert, elleve år gammal. Konserten, som mellom anna inneheldt eigenkomponerte stykke, fekk ei varm kritisk mottaking, og László Erkel tok imot Bartók som elev.
I 1900 byrja Bartók å studere ved musikkonservatoriet i Budapest, og etter 8 år vart han professor der. Han gifta seg med ein av elevane sine, og paret fekk ein son. Han skilde seg frå kona Marta i 1923, nokre år etter den første store suksessen sin, operaen Riddar Blåskjegg.
Bartok var svært interessert i folkemusikk og han vigde ein stor del av livet sitt til å studere den ungarske og rumenske musikktradisjonen. Han samla og gav ut om lag 2000 folkemelodiar. Bartok sin eigen musikk hadde òg sterk innverknad frå harmonikk og særskilde rytmar i folkemusikken.
I 1940 utvandra han til USA frå Ungarn, og slo seg ned i New York. I løpet av tida i Amerika, trass i dårleg helse og økonomi, skreiv Bartók det mest vidkjende verket sitt Konsert for orkester.
Verk
endreSceniske verk
endre- 1911: Ridder Blåskjeggs borg. Opera i ei akt, urframført 1918
- 1914–1916: Treprinsen. Ballett, urframført 1917
- 1918–1919: Den mirakuløse mandarin. Ballett, urfamført 1926
Orkesterverk
endre- 1905: 2 suitar
- 1923: Dansesuite
- 1936: Musikk for strengeinstrument, slagverk og celesta
- 1939: Divertimento for strykeorkester
- 1943: Konsert for orkester
Konsertar
endre- 1905: Rapsodi for klaver og orkester
- 1907–1908: Fiolinkonsert, urframført 1958
- 1926: 1. klaverkonsert
- 1928–1929: 1. rapsodi for fiolin og orkester
- 1930—1931: 2. klaverkonsert
- 1935: 2. rapsodi for fiolin og orkester
- 1937–1938: Fiolinkonsert
- 1945: 3. klaverkonsert
- 1945: Bratsjkonsert
Kammermusikk
endre- 1908: 1. strykekvartett
- 1917: 2. strykekvartett
- 1921: 1. sonate for fiolin og klaver
- 1922: 2. sonate for fiolin og klaver
- 1927: 3. strykekvartett
- 1928: 4. strykekvartett
- 1928: 2 rapsodiar for fiolin og klaver
- 1931: 44 duettar for to fiolinar
- 1934: 5. strykekvartett
- 1937: Sonate for 2 klaver og slagverk
- 1938: Contrasts for fiolin, klarinett og klaver
- 1939: 6. strykekvartett
- 1944: Sonate for fiolin solo
Klaververk
endre- 1908: 14 Bagateller
- 1908: Für Kinder. 85 stykke etter ungarske og slovakiske songar
- 1911: Allegro barbaro
- 1913: 18 lette stykke
- 1915: 6 rumenske folkedansar
- 1915: Sonatine
- 1926: 9 små klaverstykke
- 1926: Im Freien (Szabadban)
- 1926: Sonate
- 1926–1937: Mikrokosmos. 153 stykke
Vokalverk
endre- 1912: Fire gamle ungarske folkesongar for blanda kor
- 1930: Cantata profana for dobbelkor, soli og orkester
- 1935: Frå gamle dagar for trestemt blanda kor
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Béla Bartók» frå Wikipedia på engelsk, den 18. oktober 2013.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Bayley, Amanda. 2001. Cambridge Companion to Bartók. Cambridge Companions to Music. Cambridge and New York: Cambridge University Press.
- Móser, Zoltán. 2006a. «Szavak, feliratok, kivonatok».
- de Toth, June. 1999. «Béla Bartók: A Biography». Bela Bartok Biography Liner notes to Béla Bartók: Complete Piano Works Arkivert 2007-04-08 ved Wayback Machine. 7-CD set, Eroica Classical Recordings
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene: