Basismatvare
(Omdirigert frå Basiskost)
Basismat, basismatvare eller basiskost er ein mattype som blir eten til vanleg og i så store mengder at han utgjer ein viktig del av eit standard kosthald for ei viss gruppe menneske. Basismaten tilfører ein stor del av energien og som regel også store delar av næringsstoffa folk treng. Vanlege basismatvarer i verda er kornslaga ris, kveite, mais, hirse, durra, rotfrukter som potet, maniok, jams og taro, og dyreprodukt som egg, mjølkeprodukt, fisk og kjøt.[1] Belgfrukter som linser, bønner og erter er også viktige basismatvarer fleire stader i verda.[2]
Biletdøme
endreKjelder
endre- ↑ United Nations Food and Agriculture Organization: Agriculture and Consumer Protection. «Dimensions of Need - Staples: What do people eat?». Henta 21. september 2019.
- ↑ Linkletter, Ashley (15. august 2018), «What Are Pulses? Everything You Need To Know About This Delicious Pantry Staple», HealthyWay (på engelsk), henta 21. september 2019
- Delar av denne artikkelen bygger på «Staple food» frå Wikipedia på engelsk, den 21. september 2019.