Battir (arabisk بتير) er ein palestinsk landsby på Vestbreidda, 6,4 km vest for Betlehem, og sørvest for Jerusalem.

Battir
بتير, Bateer
kommune
Battir
Namneopphav: Bether[1]
Land  Dei palestinske territoria
Guvernement Betlehem guvernement
Koordinatar 31°43′29″N 35°08′12″E / 31.72472°N 35.13667°E / 31.72472; 35.13667
Areal 7,4 km²
Folketal 3 967  (2007)[2]
Folketettleik 536 / km²
Borgarmeister Akram Bader
Kart
Battir
31°43′29″N 35°08′12″E / 31.724722222222°N 35.136666666667°E / 31.724722222222; 35.136666666667
Wikimedia Commons: Battir

Battir har vore busett sidan jernalderen. Oldtidsbyen Betar, òg skrive Bittir, Bitir, Beitar, var ei jødisk landsby på 100-talet evt og åstad for det siste slaget i Bar Kokhba-opprøret. Han var busett i bysantinsk og islamsk tid. Battir ligg like oppom Jaffa–Jerusalem-banen, som tente som våpenkvilelinje mellom Israel og Jordan frå 1949 til seksdagarskrigen, då han vart erobra av Israel. I 2007 hadde Battir eit folketal på kring 4 000 og var under Den palestinske sjølvstyresmakta si kontroll.

Historie endre

Oldtida endre

Battir har blitt identifisert som staden Betar (òg kalla Beiter). Den moderne palestinske landsbyen er bygd kring den gamle staden Khirbet el-Yahud (arabisk, som tyder «ruinen til jødane» ) og var den siste skansen under det andre opprøret mot romarane, der leiaren Bar-Kokhba døydde i 135 evt.[3][4][5]

Nyare tid endre

I 1596 stod Battir oppført i osmanske skattelister som ein landsby i Quds nahiya i Quds liwa. Han hadde eit folketal på 24 muslimske hushaldningar og to ungkarar, og betalte skatt for kveite, sommaravlingar eller frukttre, og geiter eller bikubar.[6]

Den franske oppdagaren Victor Guérin vitja staden i 1860-åra.[7]

Palestine Exploration Fund skildra i Survey of Western Palestine i 1883 Battir som ein mellomstor landsby i ein djup dal.[8]

På 1900-talet var utviklinga av Battir knytt til plasseringa langs jernbanen til Jerusalem, som gav tilkomst til marknadsplassen og inntekter frå passasjerar som tok seg ein pause under reisa.[9] Under krigen i 1948 flykta dei fleste landsbybuarane, men Mustafa Hassan og nokre få andre vart verande att. Om kvelden tende dei lys i husa og om morgonen tok dei kyrna ut på beite. Då dei nærma seg landsbyen trudde isrealarane derfor at Battir framleis var busett og gav opp åtaket.[10] Våpenkvilelinja vart trekt nær jernbanen, og Battir enda opp berre nokre meter aust for Jordan si grense med Israel. Minst 30 % av landområdet til Battir hamna på den israelske side av den grøne linja, men landsbybuarane fekk lov å behalde området, for å hindre at jernbanen vart øydelagd, og dermed vart dei dei einaste palestinarane som offisielt fekk lov til å krysse inn i Israel og arbeide på landområdet sitt før seksdagarskrigen.

Etter seksdagarskrigen i 1967 kom Battir under israelsk kontroll, men etter tilbaketrekkinga til Israel i 1995, har han blitt administrert av Den palestinske sjølvstyresmakta (PNA).

Venskapsbyar endre

Kjelder endre

  1. Palmer, 1881, s. 292
  2. 2007 PCBS Census Palestinsk statistisk sentralbyrå. s.116.
  3. David Ussishkin, «Soundings in Betar, Bar-Kochba's Last Stronghold[daud lenkje]"
  4. D. Ussishkin, Archaeological Soundings at Betar, Bar-Kochba's Last Stronghold, Tel Aviv 20, 1993, s. 66-97.
  5. K. Singer, Pottery of the Early romersk Period from Betar, Tel Aviv 20, 1993, s. 98-103.
  6. Wolf-Dieter Hütteroth and Kamal Abdulfattah (1977). Historical Geography of Palestine, Transjordan and South Syria in the Late 16th Century. Erlanger Geographische Arbeiten, Sonderband 5. Erlangen, Tyskland: Vorstand der Fränkischen Geographischen Gesellschaft. s. 115. 
  7. Guérin, 1869, s. 387 ff
  8. Conder og Kitchener, 1883, s. 20-21
  9. A Window on the West Bank, by Bret Wallach
  10. Hans-Christian Rößler (June 21, 2012). «Palästinenserdorf Battir: Widerstand durch Denkmalschutz». Frankfurter Allgemeine Zeitung (på tysk). Henta 11. juni 2013. 
  11. Britain Palestina Twinning Network., arkivert frå originalen 27. september 2007, henta 1. oktober 2015 

Bakgrunnsstoff endre