Opna hovudmenyen

Beate Heieren Hundhammar (fødd 24. september 1968 i Oslo) er norsk riksrevisor og ein tidlegare norsk politikar for Høgre.

Beate Heieren Hundhammer
Fødd24. september 1968
Oslo
Statsborgar avNoreg
PartiHøgre
Yrkepolitikar, bonde

Ho var innvald på Stortinget frå Buskerud 2001–2005 og vararepresentant i periodane 1993–2001 og 2005–2009. På Stortinget var ho medlem av Stortingets sosialkomité 2001–2005. Heieren Hundhammar var medlem av Buskerud fylkesting og fylkesutvalg 1995–2003, frå 1999 som Høgres gruppeleiar. Ho har bakgrunn frå Unge Høgre, der ho var formann i Ringerike Unge Høgre 1984–1986, formann i Buskerud Unge Høgre 1986–1988 og medlem av sentralstyret 1988–1990. Seinare var ho 1. nestleiar i Buskerud Høgre frå 1994.

Ho er cand.mag. med mellomfag i statsvitskap og grunnfag i sosiologi og sosialøkonomi frå Universitetet i Oslo. Heieren Hundhammar overtok familiegarden Nordre Lerberg ved Ask på Ringerike i 1995.[1] Etter tida på Stortinget har ho leidd det politiske sekretariatet i Kreftsamskipnaden.

KjelderEndra

  1. Solvoll, Einar (21. september 2001). «Ny type Høyre-politiker». Aftenposten (morgen utg.): 10. 

BakgrunnsstoffEndra