Beatrice Faumuina

Beatrice Raoni Liua Faumuina (fødd 23. oktober 1974) er ein newzealandsk diskoskastar frå Auckland som vart verdsmeister i øvinga i 1997.

Beatrice Faumuina


Statsborgarskap New Zealand
Fødd 23. oktober 1974 (49 år)
Auckland
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 2008, Sommar-OL 2004, Sommar-OL 2000, Sommar-OL 1996, Samveldeleikane 2002, Samveldeleikane 2010, Samveldeleikane 2006, Samveldeleikane 1994

Utmerkingar

Offiser av New Zealands fortjenstorden

Aktiv endre

Faumuina gjorde sitt internasjonale gjennombrot i 1997. Den 4. juli vann ho diskostevlinga i Bislett Games i Oslo med sitt livslengste kast, målt til 68,52 meter. Vel ein månad seinare vann ho gullmedaljen under verdsmeisterskapen i Aten med eit lengstekast på 66,82 m.

Sidan heldt Faumuina seg i verdstoppen i diskoskasting til 2005. Dei beste beste meisterskapsplasseringane fekk ho med ein femteplass i VM 1999, sjuandeplassen i OL 2004 i Aten og ein fjerdeplass i VM 2005. Både i 1998 og 2002 vart ho samveldemeister.

Faumuina la opp i 2010.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap endre

Kjelder endre