Ellina Aleksandrovna Zvereva (fødd 16. november 1960) er ein tidlegare friidrettsutøvar frå Dolgoprudnyj som representerte Sovjetunionen og seinare Kviterussland. Ho tevla i diskoskasting og vann gullmedaljen i øvinga i OL 2000 og i VM 1995, og VM 2001. Zverevas personlege rekord er på 71,58 meter.

Ellina Zvereva
Statsborgarskap Sovjetunionen, Belarus
Fødd 16. november 1960 (63 år)
Dolgoprudnyj
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 2008, Sommar-OL 2004, Sommar-OL 2000, Sommar-OL 1996, Sommar-OL 1988

Aktiv endre

Zvereva enda på femte plass då ho meisterskapsdebuterte under Sommar-OL 1988 i Seoul. Same året sette ho sin personlege rekord i diskoskast på 71,58 m ved ei tevling i Leningrad. Ho vann si fyrste internasjonale meisterskapsmedalje ved EM 1994 i Helsinki der vart nummer to.

Under friidretts-VM 1995 i Göteborg kasta Zvereva 68,64 m og tok sitt fyrste gull, over meteren lengre enn tyske Ilke Wyludda. Året etter kneip Zvereva OL-bronse i øvinga under sommarleikane i Atlanta. I 1997 kompletterte ho medaljesamlinga med eit VM-sølv, gullet gjekk til nyzealandske Beatrice Faumuina.

Zvereva vann gull i diskoskasting både i 2000 og 2001. Hausten 2000 var ho heilt suveren i OL-finalen i Sydney, hennar lengstekast målte 68,40 m, medan toaren ikkje nådde 66 meter. Sommaren etterpå enda ho opphavleg på andreplass under friidretts-VM i Edmonton, men då russiske Natalja Sadova vart diskvalifisert for dopingbruk, tok Zvereva over fyrsteplassen i tevlinga.

Etter 2001-sesongen heldt Zvereva ikkje lenger eit toppnivå med kast over 65 meter. Ho vart utslått i kvalifiseringa under Sommar-OL 2004, og kom på sjetteplass både i EM 2006 og OL 2008. 47 år gammal la ho opp.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap endre

Kjelder endre