Bechamel
Bechamel eller kvit saus er ein lys grunnsaus. Han er laga av ei jamning ac smør og mjøl som vert tilsett mjølk, og kan smakast til med salt, pepar, muskat, laurbær og av og til sitron.[1] Sausen vert nytta til so mangt, til dømes lasagne, fiskepudding, makaroni og fiskebollar eller pølser i kvit saus. Som alle grunnsausar kan han lagast vidare til likt og ulikt.
Sausen blir vanlegvis tilskriven marki Louis de Béchameil, som var hovmeister ved hoffet til Ludvig XIV av Frankrike. Han blei fyrst nemnd i skriftlege kjelde som bechamelsausen i 1733, i Modern Cook av Vincent La Chapelle, som nytta han til piggvar. Georges Auguste Escoffier skildra han som ein av dei franske grunnsausane.[2]
Kjelder
endre- ↑ «How to Make Bechamel Sauce». escoffieronline.com. 10. desember 2014. Henta 25. mars 2024.
- ↑ «béchamel». Store norske leksikon (på norsk). 8. desember 2023.
Bakgrunnsstoff
endre