Bedford
Bedford er administrasjonsby i grevskapet Bedfordshire i England, og dessutan i distriktet Bedford. Byen har kring 90 000 innbyggjarar, medan distriktet har omkring 150 000 innbyggjarar, som er busett i Bedford og i Kempston, som ligg rett i nærleiken.
Bedford | ||
---|---|---|
Bedford bybru | ||
Plassering | ||
Styresmakter | ||
Land | Storbritannia | |
Konstituerande land | England | |
Grevskap | Bedfordshire | |
Distrikt | Bedford | |
Geografi | ||
Innbyggjarar - By (2007) |
88 733 | |
Koordinatar | 52°8′N 0°27′W / 52.133°N 0.450°W | |
Diverse annan informasjon | ||
Postnummer | MK40, MK41, MK42 | |
Telefon-retningsnummer | 01234 | |
Bedford vart kjøpstad tidleg i mellomalderen. På 1800-talet vart det etablert fleire store ingeniørbedrifter her, men i dag er dei fleste av desse nedlagt, og byen har slite med økonomiske nedgangtider sidan 1980-åra. Likevel veks byen raskare enn dei fleste andre byar i England, og i byrjinga av 2000-åra har fleire nye store bustadområde vorte bygd.
Dei fleste arbeidstakarane som buset seg i byen pendlar til London eller Milton Keynes, og Bedford er endestasjon for Thameslink og stoppestad for Midland Mainline-toget.
Predikanten og forfattaren John Bunyan budde i Bedford, der han òg vart fengsla. Den siste avrettinga i Storbritannia fann stad i Bedford fengsel.
Elva Great Ouse renn gjennom sentrumet til byen. Langs elvebreidda ligg vene hagar i eit område kjent som The Embankment.
Det finst fire privatskular i byen, alle drivne av den velgjerande organisasjonen Harpar Trust, som vart oppretta ved hjelp av ein testamentatisk gåve frå Bedfordborgeren sir William Harpur på 1500-talet.
Tidleg i 1950-åra dreiv firmaet London Brick Company rekruttering av arbeidskraft i det sørlege Italia, og folketeljinga i 2000 viste at omkring 10 % av folkesetnaden i Bedford er av italiensk avstamming.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Bedford» frå Wikipedia på bokmål, den 11. juli 2011.