Handelshøyskolen BI

norsk privat høyskole


Handelshøyskolen BI (vanlegvis berre «BI» i daglegtale; engelsk BI Norwegian Business School) er den neste største handelshøgskulen i Europa. Skulen er organisert som ei stifting (sjølveigande institusjon) og har status som vitskapleg høgskole, det vil seie at skulen er å rekne som eit universitet innanfor sitt avgrensa fagområde. Skulen har nært samarbeid med Fudanuniversitetet i Shanghai.

Handelshøyskolen BI

Grunnlagt1943
StadOslo kommune, Trondheim kommune, Stavanger kommune
Studentar20 049
Org.nummer971228865
Nettstadhttp://www.bi.no/
Kart
Handelshøyskolen BI
59°56′55″N 10°46′05″E / 59.948611111111°N 10.768055555556°E / 59.948611111111; 10.768055555556

Handelshøyskolen BI held til i Nydalen i Oslo, men har òg regionale studiestader i Bergen, Trondheim og Stavanger.

Opphavet til Handelshøyskolen BI var den private skulen Bedriftsøkonomisk Institutt (BI). Dette var ein skule på kveldstid for folk som elles ynskte å vere i arbeid, skipa 1. juni 1943 som eit aksjeselskap av Finn Øien og partnaren hans, John Rosef. I 1945 vart Bedriftsøkonomisk Institutt utvida til seks avdelingar: Kurs, konsulentavdeling (rasjonalisering), rekneskap og revisjon, BIs indeks, trykkeri og forvaltning av bygningar. Året etter vart Kontorledelse I og II lansert som det fyrste toårige heildagsstudiet ved skulen. Studentane som tok dette studiet, fekk i 1954 godkjenning som låntakarar hjå Statens lånekasse for utdanning. I 1968 vart studiet utvida til treårig med namnet diplomøkonomstudiet, og året etter vart Bedriftsøkonomisk Institutt omgjort til ei non-profit stifting, det vil seie at det ikkje vert teke overskott ut or verksemda, og fekk statsstønad.

Handelshøyskolen BI fekk sine fire fyrste professorar i 1983, og i 1985 fekk skulen høve til å nytte tittelen siviløkonom for dei med eksamen herfrå. Dette hadde mykje å seie for Handelshøyskolen BI's akademiske omdømme.

Galleri

endre

Nydalen

endre

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Handelshøyskolen BI