Beer i Devon
(Omdirigert frå Beer Head)
Beer er ein landsby søraust i Devon i England ved Lyme Bay. Han ligg langs verdsarvstaden Jurassic Coast og er omgjeve av vakre klipper, som Beer Head. Namnet kjem ikkje av det engelske ordet for øl, men frå det gammalengelske ordet bearu, som tyder «lund» og som syner til den gamle skogen rundt byen. Landsbyen ligg 40 km frå Exeter.
Beer i Devon | ||
---|---|---|
Stranda i Beer med Beer Head i bakgrunnen | ||
Plassering | ||
Styresmakter | ||
Land | Storbritannia | |
Konstituerande land | England | |
Grevskap | Devon | |
Distrikt | East Devon | |
Geografi | ||
Koordinatar | 50°42′N 3°6′W / 50.700°N 3.100°W | |
Diverse annan informasjon | ||
Postnummer | EX12 | |
Telefon-retningsnummer | 01297 | |
I dag er hovudnæringa her hovudsakleg turisme og fiske. Beer har ei bratt strand av småstein.
Sjå òg
endreBakgrunnsstoff
endreKjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Beer, Devon» frå Wikipedia på engelsk, den 17. januar 2010.