Beethoven Peninsula
Beethoven Peninsula er ei fura, isdekt halvøy på sørvestdelen av Aleksanderøya, som ligg utanfor sørvestsida av Den antarktiske halvøya. Ho er 100 km lang og 100 km på det breiaste. Langs sørsida av halvøya ligg Bach isbrem, medan Wilkins isbrem ligg langs nordsida. Mendelssohnfjorden, Brahmsfjorden og Verdifjorden trengjer seg inn på halvøya. Bach isbrem, Rossini Point og Berlioz Point ligg i nærleiken, ved Ronne Entrance frå Sørishavet. Beethoven Peninsula er ei av åtte halvøyar på Aleksanderøya.
Beethoven Peninsula | |||
halvøy | |||
Topografisk kart med skala 1:250.000 av Beethoven Peninsula.
| |||
Land | Antarktis | ||
---|---|---|---|
Stad | Aleksanderøya | ||
- koordinatar | 71°44′S 73°41′W / 71.733°S 73.683°W | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
Beethoven Peninsula 71°44′00″S 73°41′00″W / 71.733333333333°S 73.683333333333°W | |||
Halvøya vart først sett og fotografert frå lufta i 1940 av U.S. Antarctic Service, som laga det første kartet over den sørvestlege delen av Aleksanderøya. Ho vart kartlagd på ny og fotografert frå lufta av Ronne Antarctic Research Expedition (RARE), 1947–48, og kartlagde på ny frå foto av RARE av Derek J.H. Searle frå Falkland Islands Dependencies Survey i 1960. Ho vart namngjeve av UK Antarctic Place-Names Committee etter komponisten Ludwig van Beethoven.
Sjå òg
endreKjelder
endre- National Geographic Atlas av World, 7th Edition.
- Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Beethoven Peninsula» (innhald frå Geographic Names Information System).