Derocher Peninsula

Derocher Peninsula er ei snødekt halvøy mellom Brahmsfjorden og Mendelssohnfjorden på nordsida av Beethoven PeninsulaAleksanderøya i Antarktis. Ho vart fotografert frå lufta av Ronne Antarctic Research Expedition, 1947–48, og kartlagd frå bilete av D. Searle frå Falkland Islands Dependencies Survey (FIDS), 1960. Ho vart namngjeve av Advisory Committee on Antarctic Names etter offiser Paul J. Derocher i U.S. Navy som var befalshavande i Antarktis Development Squadron Six (VXE-6), mai 1985 til mai 1986.[1] Derocher Peninsula er ei av åtte halvøyar på Aleksanderøya.

Derocher Peninsula
halvøy
Land  Antarktis
Stad Aleksanderøya
 - koordinatar 71°25′S 73°20′W / 71.417°S 73.333°W / -71.417; -73.333
Administrert under Antarktistraktaten
Kart
Derocher Peninsula
71°25′00″S 73°20′00″W / 71.4167°S 73.3333°W / -71.4167; -73.3333
Derocher Peninsula is located in Antarktis
Derocher Peninsula (Antarktis)

Sjå òg

endre

Kjelder

endre
  1. «Derocher Peninsula». Geographic Names Information System. United States Geological Survey, United States Department of the Interior. Henta 16. oktober 2012. 

  Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Derocher Peninsula» (innhald frå Geographic Names Information System).