Monteverdi Peninsula

Monteverdi Peninsula er ei stor isdekt halvøy som ligg mellom Bach isbrem og George VI Sound, og den sørlegaste delen av Aleksanderøya i Antarktis. Nordsida av Monteverdi Peninsula er omgjeven av Bach isbrem, ein stor isbrem mellom Monteverdi Peninsula frå Beethoven Peninsula. Fauréfjorden ligg på sørsida av halvøya, fylt av is som kjem frå nærliggande George VI isbrem og George VI Sound. Sørsida av halvøya vart først sett og kartlagd av Finn Rønne og Carl Eklund i United States Antarctic Service, 1939–41, som reiste langs George VI Sound. Ho vart kartlagd frå flyfotografi tekne av Ronne Antarctic Research Expedition, 1947–48, og frå landmålingar av Falkland Islands Dependencies Survey, 1948-50. Ho vart namngjeven av United Kingdom Antarctic Place-Names Committee etter den italienske komponisten Claudio Monteverdi, 1568-1643. Monteverdi Peninsula er ei av åtte halvøyar på Aleksanderøya.

Monteverdi Peninsula
halvøy
Land  Antarktis
Stad Aleksanderøya
 - koordinatar 72°30′S 72°0′W / 72.500°S 72.000°W / -72.500; -72.000
Administrert under Antarktistraktaten
Kart
Monteverdi Peninsula
72°30′S 72°00′W / 72.5°S 72°W / -72.5; -72
Monteverdi Peninsula is located in Antarktis
Monteverdi Peninsula (Antarktis)

Sjå òg

endre

Kjelder

endre

  Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Monteverdi Peninsula» (innhald frå Geographic Names Information System).