Beinn Eighe
Beinn Eighe er eit kompleks fjellmassiv i Torridon i Dei skotske høglanda i Skottland. Det består av ein lang rygg med mange toppar, og fleire av dei har status som munroar.
Beinn Eighe - Ruadh-stac Mòr | |||
Munro, marilyn | |||
Sgurr nan Fhir Duibhe, ein av toppane i Beinn Eighe
| |||
Land | Skottland | ||
---|---|---|---|
Topp | Torridon Hills | ||
• høgd | 1 010 moh. | ||
• Primærfaktor | 632 m | ||
Beinn Eighe 57°34′48″N 5°24′54″W / 57.58°N 5.415°W | |||
Wikimedia Commons: Beinn Eighe |
Området ligg mellom Loch Maree og Glen Torridon på vestkysten av Skottland. To av toppane på Beinn Eighe har status som munroar. Ruadh-stac Mòr er 1010 meter over havet, medan Spidean Coire nan Clacher 993 meter over havet.
Nordsida av Beinn Eighe er eit nasjonalt naturreservat styrt av Scottish Natural Heritage. Det vart oppretta i 1951 og var det første i sitt slag i Storbritannia.[1] Reservatet er ei blanding av opent lyngheilandskap, skogsområde og myrer, og er finst fleire verna dyr som kronhjort, kongeørn og skogmår.
I tillegg området eit biosfærereservat under UNESCO.[2]
Kjelder
endre- ↑ «Beinn Eighe National Nature Reserve Website». Henta 1. april 2011.
- ↑ «UNESCO Beinn Eighe Biosphere Reserve Information Website». Henta 1. april 2011.