Lyngheilandskapet er eit skoglaust kulturlandskap der røsslyng utgjer ein vesentleg del av vegetasjonen. Slike landskap har gjennom fleire tusen år prega vestkystane av Europa, mellom anna i Noreg, Danmark, Skottland, Irland og Portugal. Felles for lyngheiene er røsslyngen som dominerande art, medan førekomsten av andre artar varierer. Lyngheilandskapet var eit menneskeskapt landskap; husdyr som beita i utmarka året rundt var den avgjerande faktoren.

Røsslyng i blom ved Vrads, sør for Silkeborg i Danmark.

I Noreg var det på Vestlandet store område langs kysten som kunne kallast lyngheilandskap. Lyngheilandskapet si soge på Vestlandet er knytt til gardsbusetnad. Pollenanalyse av prøvar kan fortelje vegetasjonshistoria for eit område, og gjev dermed innblikk i gardsbusetnaden si historie.

Typisk for lyngheiene i dag er at dei gror til med skog i takt med at beitepresset er redusert til eit absolutt minimum. Der det på 1970-talet framleis var open lyngmark er det no som regel stor skog.

Forsking endre

I 1970-åra vart det gjennomført eit stort tverrfagleg forskingsprosjekt om lyngheiene i Nordhordland, hovudsakleg i kommunane Lindås og Austrheim, ved Universitetet i Bergen. Prosjektet var finansiert av NAVF, med namnet Lindåsprosjektet. Prosjektet hadde utgangspunkt i forskingsmiljøet omkring Botanisk institutt og prosjektleiar var Peter Emil Kaland med vegetasjonshistorie og pollenanalyse som spesialfelt. Lindåsprosjektet har publisert ein rapportserie og Lyngheisenteret i Lindås kommune er eit resultat av prosjektet.

Beiting endre

Den gamle norske sauerasen, utgangarsauen, var egna til denne driftsforma. Den eldste driftsforma er skildra frå enkelte øyar i Sunnhordland fram til tidleg på 1900-talet. Denne driftsforma gjekk ut på at sauene beita ute året rundt.

Nye sauerasar vart innførte på 1800-talet, og sjølv om desse dyra om vinteren berre vart sleppte ut på dagtid var stadig beitepresset mot lyngmarka stort nok til at landskapet vart halde ved like. Òg storfe beita i lyngmarka om sommaren.

Heilårsbeiting er avhengig av at husdyra ikkje må grave seg gjennom tjukke snølag for å kome ned til beitemarka. Utan beiting gror lyngheilandskapet til med skog.

Lyngslått endre

Lyng vart òg i stor grad brukt som vinterfor for dyr som stod på bås. Ein slo då smålyng med stuttljå og bar gjerne lyngen heim i kipe på ryggen. Dette var vanlegvis kvinnearbeid.

Lyngbrenning endre

Lyngmark som ikkje vart beitt i tilstrekkeleg grad eller slått med ljå ofte nok voks seg etter nokre år så stor at han ikkje lenger kunne nyttast som beitemark. Slike område skulle brennast ned med jamne mellomrom. Etter lyngbrannen vart det grasmark og godt beite i mange år framover.

Tidlegare skogar endre

Lyngheiområda var tidlegare dekte av skog. Dette var bøndene i lyngheiområda klar over fordi dei stadig støtte på store røter i myrene der dei tok torv til brenne. Røtene fortalte òg om skogbrannar.

Skogplanting endre

Frå tidleg på 1900-talet vart delar av lyngheiområda planta til med skog. Skogplantinga skjedde i stor grad på eit idealistisk grunnlag. Hurtigveksande sitkagran og buskfuru var arter som ofte vart planta.

Økologisk tilpassing endre

Bøndene i lyngheiområda ved kysten mangla eigen skog. Dei var avhengig av treprodukt i mange samanhenger. Dei trong hus på garden, dei trong trevarer til reiskapar og utstyr, dei trong båtar og bjørkebork til barking av segl og fiskereiskapar. Brensel trong dei, men nøyde seg med torv som dei sjølv kunne spa opp av myrene.

Danmark sine heder endre

I Danmark vert uttrykket «hede» nytta om eit landskap som botanisk sett er særs likt lyngheiene i Noreg. Hedelandskapet er på utvaska morene, og den opphavlege skogen er fjerna for å skaffe åker og beitemark.

Bakgrunnsstoff endre

  • Svein Indrelid: Strilesoga. Nord- og Midhordland gjennom tidene. Band I. Frå steinalder til vikingtid. ISBN 82-514-0480-0. Eide forlag 1996.
  • Peter Emil Kaland: Ble lyngheiene skapt av fimbulvinter eller ved menneskeverk? Forskningsnytt nr. 4 1974.
  • Peter Emil Kaland: Landskapsutvikling og bosetningshistorie i Nordhordlands lynghei-område. s. 41 - 71 i Fladby og Sandnes: På leiting etter den eldste garden. Norsk lokalhistorisk institutt. Univforl. Oslo 1979.
  • Peter Emil Kaland: Hvorfor forsvant skogen langs kysten? Fortidsvern 1987, nr. 3.
  • Karl Ragnar Gjertsen: Arbeidsliv og produksjon i ei kystbygd i Nordhordland. Rapport fra Lindåsprosjektet. 1975.
  • Lyngheisenteret