Beit Alfa
Beit Alfa (hebraisk בֵּית אַלְפָא, òg kalla Beit Alpha) er ein kibbutz i Nord distrikt i Israel, nær Gilboafjellet. Det ligg ruinar av ei eldgamal synagoge i kibbutzen, og han fekk namnet frå den arabiske landsby som ein gong stod her, Khirbet Bait Ilfa.
Beit Alfa | |||
בֵּית אַלְפָא | |||
landsby | |||
Beit Alfa, 1930-åra
| |||
Land | Israel | ||
---|---|---|---|
Distrikt | Nord distrikt | ||
Kommune | Menashe | ||
Koordinatar | 32°30′58″N 35°25′49″E / 32.51611°N 35.43028°E | ||
Folketal | 1 100 | ||
Grunnlagd | 21. november 1962 | ||
• Grunnlagd av | Hashomer Hatzair | ||
Tilhøyrsle | Kibbutzrørsla | ||
Beit Alfa 32°30′58″N 35°25′49″E / 32.516111111111°N 35.430277777778°E | |||
Kart som viser Beit Alfa.
| |||
Wikimedia Commons: Beit Alfa | |||
Nettstad: www.betalfa.org.il |
Plassering
endreKibbutzen ligg på austkammen av Haroddalen, som ligg mellom Jezreeldalen og Beth She'andalen i Nedre Galilea. I sør og vest ligg dei bratte fjellsidene av Gilboafjellet. Dei næraste fjelltoppane er Har Barkan (497 m) og Har Gefet (318 m). Området nord og aust for kibbutzen er flatt, men fell austover mot Jordandalen. Nord for kibbutzen flyt elva Harod. 2,5 km sørvest for kibbutzen går tryggleiksmuren som skil dei israelske territoria frå dei palestinske sjølvstyresmaktene. I nærleiken ligg kibbutzenim Heftziba, Sde Nahum, Nir David og Ma'ale Gilboa. På den palestinsk sida ligg landsbyen Fakua.
Historie
endrePå 500-talet var det ein jødisk busetnad her og frå denne står ruinane av ei synagoge att. Busetnaden vart etterfølgd av den arabiske landsbyen Bait Ilfa, som etter kvart vart fråflytta.
Kibbutzen vart grunnlagd den 4. november 1922 av Hashomer Hatzair-pionerar. Dei første medlemmane kom frå Polen.[1] Dei hadde alt erfaring frå 1921 då dei deltok i opprettinga av kibbutzen Geva. Den første tida var hard for pionerane, sidan staden låg i nærleiken av eit myrområde som gjorde dei utsette for malaria. I april 1927 var kibbutzen vitja av den tsjekkoslovakiske presidenten Tomáš Masaryk. Det var første gongen ein statsleiar vitja Palestinamandatet. I 1928 oppdaga medlemmane i den ærliggande kibbutzen Heftziba ruinane av Beth Alpha-synagoga, som låg på deira område. Under arabaropprøra i 1929 vart kibbutzen angripen og åkrane vart øydelagde. Då arabararopprøret braut ut på ny i april 1936, sette arabarane igjen markene i brann.
I 1940 flytta somme av medlemmane, som høyrte til Hashomer Hatzair, til kibbutz Ramat Yohanan, i byte mot folks om støtta Mapai frå Ramat Yohanan. I følgje Jewish National Fund kom dette byte av ideologiske usemjer.[1] I dei neste åra var kibbutzen eit av sentera nytta av den jødiske paramilitære organisasjonen Haganah.
Den 1. april 1948 vart kibbutzen angripen av arabarar med bombekaster. Arabarane trekte seg attende då ei tropp britiske fallskjermjegerar nærma seg staden.[2]
Etter krigen i 1948-49 vart Gilboa utdanningsinstitutt grunnlagd i nordlege delen av kibbutzen. Under krigen mellom Israel og Hisbollah i 2006 tok kibbutzen i mot evakuerte frå grenselandsbyane som hadde blitt angripen med rakettane til Hizbollah frå Sør-Libanon. Etter krigen vart det oppretta eit innslusingssenter for etopiske emigrantar her. Kring 600 emigrantar bur her og lærer hebraisk og førebur seg for det israelske samfunnet.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Beit Alfa» frå Wikipedia på engelsk, den 22. februar 2015.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ 1,0 1,1 Jewish National Fund (1949). Jewish Villages in Israel. Jerusalem: Hamadpis Liphshitz Press. s. 16–17.
- ↑ Wilson, Dare (2008). With 6th Airborne Division in Palestina 1945-48. Pen & Sword Books Ltd. s. 246. ISBN 978-1-84415-771-6.