Beit Imrin
Beit Imrin (arabisk بيت امرين) er ein palestinsk landsby i Nablus guvernement nord på Vestbreidda, 18 kilometer nordvest for Nablus. I følgje Palestinsk statistisk sentralbyrå (PCBS) hadde landsbyen eit folketal på 2 821 innbyggjarar i 2007.[2]
Beit Imrin | |||
بيت امرين, Bayt Umrin | |||
kommune | |||
Namneopphav: Prinsessehuset, Imrinhuset[1] | |||
Land | Dei palestinske territoria | ||
---|---|---|---|
Guvernement | Nablus guvernement | ||
Koordinatar | 32°17′32.03″N 35°12′55.97″E / 32.2922306°N 35.2155472°E | ||
Areal | 12,1 km² | ||
Folketal | 2 821 (2007) | ||
Folketettleik | 233 / km² | ||
Borgarmeister | Basheer Samarah | ||
Beit Imrin 32°17′32″N 35°12′56″E / 32.292230555556°N 35.215547222222°E | |||
Kart som viser Beit Imrin.
| |||
Wikimedia Commons: Beit Imrin |
Beit Imrin er ein jordbrukslandsby som produserer korn, grønsaker, oliven, druer, mandlar og fiken.
Byen Sebastia ligg i sørvest, landsbyane Ijnisinya og Nisf Jubeil i sør, Burqa i nordvest og Yasid i aust.[3]
Historie
endreBeit Imrin vart grunnlagd av arabarar frå den nærliggande Burqa og Bani Hassan-stamma aust i Jordan, som òg var busett i Qarawat Bani Hassan.
Osmansk tid
endreI 1517 vart Beit Imrin ein del av Det osmanske riket i lag med resten av Palestina. I 1596 var han oppført i osmanske skattelister som «Bayt Imrin», ein landsby i Jabal Sami nahiya i Nablus liwa. Han hadde eit folketal på ni hushaldningar og to ungkarar, alle muslimar, og betalte skatt for kveite, bygg, sommaravlingar, oliventre, tilfeldige inntekter, geiter og bikubar, og ei presse for oliven eller druer.[4]
Seint på 1800-talet estimerte Victor Guérin at Beit Imrin hadde 700 innbyggjarar,[5] medan han i 1882 vart skildra som «ein mellomstor landsby i dalen ved foten av Sheikh Beiyzid-fjella. Han er bygd av stein, og har ei kjelde i dalen i sør, og oliven kring seg i aust og vest. Somme av innbyggjarane er gresk-ortodokse.»[6]
Det britiske mandatet
endreI ei folketeljing i 1922 utført av Dei britiske mandatstyresmaktene hadde Beit Imrin eit folketal på 527, 15 kristne og 512 muslimar.[7] Folkesetnaden auka i 1931 til 620, av dette 13 kristne og 607 muslimar, i totalt 157 busette hus.[8]
I 1945 var folketalet 860, alle arabarar, med 12 094 mål land, i følgje ei offisiell landmåling.[9] Av dette var 1 442 mål for plantasjar eller irrigert land, 6 819 for korn,[10] medan 53 mål vart utbygd land.[11]
Etter 1948
endreEtter den arabisk-israelske krigen i 1948 kom Beit Imrin under Jordan sitt styre. I 1967, etter seksdagarskrigen, vart landsbyen okkupert av Israel, og same året var folketalet 1 100.[12]
Kjelder
endre- ↑ Palmer 1881, s. 180
- ↑ 2007 PCBS Census. Palestinsk statistisk sentralbyrå. s.110.
- ↑ About Beit Imrin Arkivert 2008-12-03 ved Wayback Machine. Beit Imrin Village Council.
- ↑ Hütteroth and Abdulfattah, 1977, s. 130.
- ↑ Guerin, 1875, s. 210-211
- ↑ Conder og Kitchener, 1882, SWP II, s. 159
- ↑ Barron, 1923, Table IX, UnderNablus sanjak, s. 24
- ↑ Mills, 1923, s. 60
- ↑ Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 59
- ↑ Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 105
- ↑ Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 155
- ↑ Perlmann, Vol 1, Tab 2: Beit Umrin
- Denne artikkelen bygger på «Beit Imrin» frå Wikipedia på engelsk, den 24. september 2015.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Barron, J. B., red. (1923). Palestine: Report and General Abstracts of the Census of 1922. Government of Palestine.
- Conder, Claude Reignier; Kitchener, H. H. (1882). The Survey of Western Palestine: Memoirs of the Topography, Orography, Hydrography, and Archeology 2. London: Committee of the Palestine Exploration Fund.
- Guérin, Victor (1875). Description Géographique Historique et Archéologique de la Palestine (på fransk). 2: Samarie, pt. 2. Paris: L'Imprimerie Nationale.
- Hadawi, Sami (1970). Village Statistics of 1945: A Classification of Land and Area ownership in Palestine. Palestinsk frigjeringsorganisasjon forskingssentral.
- Hütteroth, Wolf-Dieter; Abdulfattah, Kamal (1977). Historical Geography of Palestine, Transjordan and South Syria in the Late 16th Century. Erlanger Geographische Arbeiten, Sonderband 5. Erlangen, Tyskland: Vorstand der Fränkischen Geographischen Gesellschaft. ISBN 3-920405-41-2.
- Mills, E., red. (1932). Census of Palestine 1931. Population of Villages, Towns and Administrative Areas (PDF). Jerusalem: Government of Palestine.
- Palmer, E. H. (1881). The Survey of Western Palestine: Arabic and English Name Lists Collected During the Survey by Lieutenants Conder og Kitchener, R. E. Transliterated and Explained by E.H. Palmer. Committee of the Palestine Exploration Fund.
- Perlmann, Joel: The 1967 Census of the West Bank and the Gaza Strip: A Digitized Version. Annandale-on-Hudson, N.Y.: Levy Economics Institute of Bard College. November 2011 – February 2012. [Frå Israelsk statistisk sentralbyrå, Census of Populatin and Housing, 1967 Conducted i Areas Administered by the IDF, Vols. 1–5 (1967–70), and Census of Population and Housing: East Jerusalem, Parts 1 and 2 (1968–70).]
- Robinson, Edward; Smith, Eli (1841). Biblical Researches in Palestine, Mount Sinai and Arabia Petraea: A Journal of Travels in the year 1838 3. Boston: Crocker & Brewster. (p. 149)