Ijnisinya
Ijnisinya (arabisk اجنسنيا, ‘Ijnisinyâ[2]) er ein palestinsk landsby som ligg 12 kilometer nordvest for Nablus i Nablus guvernement. Dei fleste av innbyggjarane er bønder.[3] Han har eit folketal på kring 560. Ijnisinya vert styrt som ein landsbykommune.[1] Landsbyen har ei historie som går attende til bysantinsk tid i Palestina.
Ijnisinya | |||
اجنسنيا, Ajnisinya | |||
kommune | |||
Ijnisinya, i midten
| |||
Land | Dei palestinske territoria | ||
---|---|---|---|
Guvernement | Nablus guvernement | ||
Koordinatar | 32°16′23″N 35°12′59″E / 32.27306°N 35.21639°E | ||
Folketal | 505 (2007) | ||
Borgarmeister | Abdul Jabbar Shayeb[1] | ||
Ijnisinya 32°16′23″N 35°12′59″E / 32.273055555556°N 35.216388888889°E | |||
Kart som viser Ijnisinya.
| |||
Wikimedia Commons: Ijnisinya |
Historie
endreDen romerske keisarinna Helena av Konstantinopel, som ei stund budde i Sebastia i nærleiken, brukte å symje i vatnet i Ijinsinya med tenestejentene sine. Området var på den tida ein liten innsjø omgjeve av hagar. Dronning Helena forbaud menn å kome inn i området. Namnet Ijnisinya kjem frå gresk, og tyder «Kvinnens Eden».[3] Det er gjort funn av bysantinsk keramikk i området.[4]
I 1596 stod han oppført i osmanske skattelister som «Jinisina», ein landsby i Jabal Sami nahiya i Nablus liwa. Han hadde eit folketal på 8 hushaldningar og 4 ungkarar, alle muslimar, og betalte skatt for kveite, bygg, sommaravlingar, oliventre, geiter og bikubar, tilfeldige inntekter, og ei presse for oliven eller druer.[5]
Victor Guérin vitja landsbyen og skildra han som ein liten landsby, med både muslimske og kristne innbyggjarar.[6] I 1882 vart han skildra som «ei lita grend i ein dal, med oliven kring seg.»[7]
Moskéen i Ijinsinya er datert attende til tida kring Umar ibn al-Khattab og er i dag ein del av skulen i landsbyen.[3]
Romerske ruinar
endreDet ligg ein romersk bygning kalla Sheikh Shu'la på toppen av ein ås oppom tre landsbyar, inkludert Ijnisinya i tillegg til Sebastia og an-Naqura. Bygningen er sagt å vere ruinane av eit romersk kloster som var sju etasjar høgt.[3]
Geografi
endreIjnisinya ligg 12 kilometer nordvest for Nablus. Han ligg like aust for Sebastia, nordaust for an-Naqura, sør for Beit Imrin og nord for Zawata.[8] Ijnisinya ligg 460 meter over havet.[9]
Demografi
endreI ei folketeljing frå 1922 utført av Det britiske mandatet hadde Jenesenia 119 innbyggjarar, alle muslimar,[10][9] medan han i folketeljinga i 1931 hadde 30 busette hus og eit folketal på 157, framleis alle muslimar.[11]
Folkesetnaden voks noko i 1945 med eit folketal på 200.[12] I 1967 var folketalet 256.[13] I 1997 vart det av Palestinsk statistisk sentralbyrå (PCBS) registrert 418 innbyggjarar, og av desse var 70 (16,7 %) flyktningar.[14] I følgje PCBS var folketalet i Ijnisinya 505 innbyggjarar i 2007.[15]
Kjelder
endre- ↑ 1,0 1,1 All Washed Up Arkivert 2012-06-17 ved Wayback Machine. American Near East Refugee Aid. s.3.
- ↑ Palmer 1881, s. 183
- ↑ 3,0 3,1 3,2 3,3 Ijnisinya Village - Nablus Arkivert 2009-10-04 ved Wayback Machine. Jerusalem Media and Communications Centre.
- ↑ Dauphin, 1998, s. 767
- ↑ Hütteroth and Abdulfattah, 1977, s. 126.
- ↑ Guerin, 1875, s. 210
- ↑ Conder og Kitchener, 1882, SWP II, s. 159
- ↑ Satellite View of Ijnisinya PalestineRemembered.
- ↑ 9,0 9,1 Velkomen til Ijnisinya Palestina Remembered.
- ↑ Barron, 1923, Table IX, UnderNablus sanjak, s. 25
- ↑ Mills, 1931, s. 61
- ↑ Hadawi, Sami. (1970). Nablus distrikt Stats from Village Statistics of 1945: A Classification of Land and Area ownership in Palestine The Palestinsk frigjeringsorganisasjon forskingssentral.
- ↑ Perlmann, Vol 1, Tab 2: Ijnisinya
- ↑ Nablus guvernement Statistics Arkivert 2008-11-18 ved Wayback Machine.: Palestinian Population by Locality and Refugee Status Arkivert 2011-11-14 ved Wayback Machine. and palestinsk Population by Locality, Sex and Age Groups in Years Arkivert 2012-02-07 ved Wayback Machine. Palestinsk statistisk sentralbyrå (PCBS).
- ↑ 2007 PCBS Census. Palestinsk statistisk sentralbyrå. s.110.
- Denne artikkelen bygger på «Ijnisinya» frå Wikipedia på engelsk, den 24. september 2015.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Barron, J. B., red. (1923). Palestine: Report and General Abstracts of the Census of 1922. Government of Palestine.
- Conder, Claude Reignier; Kitchener, H. H. (1882). The Survey of Western Palestine: Memoirs of the Topography, Orography, Hydrography, and Archeology 2. London: Committee of the Palestine Exploration Fund.
- Dauphin, Claudine (1998). La Palestine byzantine, Peuplement et Populations. BAR International Series 726 (på fransk). III : Catalogue. Oxford: Archeopress.
- Ellenblum, Ronnie (2003). Frankish Rural Settlement in the Latin kingdom of Jerusalem. Cambridge University Press. ISBN 0521521874.
- Guérin, Victor (1875). Description Géographique Historique et Archéologique de la Palestine (på fransk). 2: Samarie, pt. 2. Paris: L'Imprimerie Nationale.
- Hadawi, Sami (1970). Village Statistics of 1945: A Classification of Land and Area ownership in Palestine. Palestinsk frigjeringsorganisasjon forskingssentral.
- Hütteroth, Wolf-Dieter; Abdulfattah, Kamal (1977). Historical Geography of Palestine, Transjordan and South Syria in the Late 16th Century. Erlanger Geographische Arbeiten, Sonderband 5. Erlangen, Tyskland: Vorstand der Fränkischen Geographischen Gesellschaft. ISBN 3-920405-41-2.
- Mills, E., red. (1932). Census of Palestine 1931. Population of Villages, Towns and Administrative Areas (PDF). Jerusalem: Government of Palestine.
- Palmer, E. H. (1881). The Survey of Western Palestine: Arabic and English Name Lists Collected During the Survey by Lieutenants Conder og Kitchener, R. E. Transliterated and Explained by E.H. Palmer. Committee of the Palestine Exploration Fund.
- Perlmann, Joel: The 1967 Census of the West Bank and the Gaza Strip: A Digitized Version. Annandale-on-Hudson, N.Y.: Levy Economics Institute of Bard College. November 2011 – February 2012. [Digitized from: Israelsk statistisk sentralbyrå, Census of Population and Housing, 1967 Conducted i Areas Administered by the IDF, Vols. 1–5 (1967–70), and Census of Population and Housing: Aust-Jerusalem, Parts 1 and 2 (1968–70).]