Beit Sirik
Beit Surik (arabisk skrift بيت سوريك, hebraisk skrift בית סוריכ) er ein palestinsk landsby i Jerusalem guvernement, 12 kilometer nordvest for Jerusalem nord på Vestbreidda. I følgje Palestinsk statistisk sentralbyrå hadde byen eit folketal på 3 818 in 2006.[2]
Beit Surik | |||
بيت سوريك, Beit Surik, Beit Sourik | |||
kommune | |||
Beit Surik
| |||
Namneopphav: Surik-huset[1] | |||
Land | Dei palestinske territoria | ||
---|---|---|---|
Guvernement | Jerusalem guvernement | ||
Koordinatar | 31°49′28″N 35°08′55″E / 31.82444°N 35.14861°E | ||
Folketal | 3 818 (2006) | ||
Beit Sirik 31°49′28″N 35°08′55″E / 31.824444444444°N 35.148611111111°E | |||
Kart som viser Beit Sirik.
| |||
Wikimedia Commons: Beit Surik |
Historie
endreBeit Surik ligg på ein eldgammal stad på toppen av ei høgd. Ein har funne fragment av korintiske søyler, og eit mosaikkgolv, med ein inskripsjon på gresk. Ein tabula ansata vart delvis graven ut av LH Vincent i 1901.[3]
Landsbyen vart kalla Beit Surie i krossfarartida. Han var ein av 21 landsbyar gjeven av kong Godfrey som eit len til Den heilage grav-kyrkja.[4][5]
Osmansk tid
endreLandsbyen vart ein del av Det osmanske riket i 1517 i lag med resten av Palestina, og i 1596 stod han oppført i skattelister som ein del av Jabal Quds nahiya i Quds liwa. Han hadde eit folketal på 21 hushaldningar, alle muslimar. Innbyggjarane i landsbyen betalte skatt for kveite, bygg, oliventre, vindruer, frukttre, druesirup, melasse og geiter og/eller bikubar.[6]
I 1863 vitja den franske oppdagaren Victor Guérin landsbyen og noterte «ein vakker oldtidsmur», med fleire lag, danna av store steinar.[7]
I 1883 skildra Palestine Exploration Fund i Survey of Western Palestine Beit Surik som ein «liten steinlandsby på ein åstopp. I aust ligg ein flag dal med ei kjelde, sitroner og andre tre. Staden verkar gammal, og har graver hogde ut i berget nær kjelda.»[8]
Det britiske mandatet
endreI ei folketeljing i 1922 utført av Dei britiske mandatstyresmaktene hadde Bait Suriq eit folketal på 352; alle muslimar,[9] medan han i folketeljinga i 1931 hadde 87 hus og eit samla folketal på 432, framleis alle muslimar.[10]
I 1945 var folketalet 480, alle arabarar, medan det samla landarealet var 6 879 mål, i følgje ei offisiell landmåling.[11] Av dette var 581 for plantasjar og irrigert land, 1 827 for korn,[12] medan 33 mål var klassifisert som utbygde område.[13]
Etter 1948
endreNatt til 19. april 1948 vart landsbyen angripen av Palmach.[14]
Etter den arabisk-israelske krigen i 1948, og etter våpenkvileavtalen i 1949, hamna Beit Surik under Jordan sitt styre. Etter seksdagarskrigen i 1967, har Beit Surik vore under israelsk okkupasjon.
Beit Surik dannar i lag med Biddu, Beit Duqqu, Beit 'Anan, Qatanna, al Qubeida, Beit Ijza, Kharayib Umm al Lahimand og Tira «Biddu-enklaven», som ligg på vestsida av sperremuren på Vestbreidda.[15][16][17][18][19]
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Beit Sirik» frå Wikipedia på engelsk, den 29. september 2015.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Barron, J. B., red. (1923). Palestine: Report and General Abstracts of the Census of 1922. Government of Palestine.
- Conder, Claude Reignier; Kitchener, Herbert H. (1883). The Survey of Western Palestine: Memoirs of the Topography, Orography, Hydrography, and Archeology 3. London: Committee of the Palestine Exploration Fund.
- Dauphin, Claudine (1998). La Palestine byzantine, Peuplement et Populations. BAR International Series 726 (på fransk). III : Catalogue. Oxford: Archeopress.
- Guérin, Victor (1868). Description Géographique Historique et Archéologique de la Palestine (på fransk). 1: Judee, pt. 1. Paris: L'Imprimerie Nationale.
- Hadawi, Sami (1970). Village Statistics of 1945: A Classification of Land and Area ownership in Palestine. Palestinsk frigjeringsorganisasjon forskingssentral.
- Hütteroth, Wolf-Dieter; Abdulfattah, Kamal (1977). Historical Geography of Palestine, Transjordan and South Syria in the Late 16th Century. Erlanger Geographische Arbeiten, Sonderband 5. Erlangen, Tyskland: Vorstand der Fränkischen Geographischen Gesellschaft. ISBN 3-920405-41-2.
- Mills, E., red. (1932). Census of Palestine 1931. Population of Villages, Towns and Administrative Areas (PDF). Jerusalem: Government of Palestine.
- Palmer, E. H. (1881). The Survey of Western Palestine: Arabic and English Name Lists Collected During the Survey by Lieutenants Conder og Kitchener, R. E. Transliterated and Explained by E.H. Palmer. Committee of the Palestine Exploration Fund.
- Pringle, Denys (1993). The Churches of the Crusader Kingdom of Jerusalem: A-K (excluding Akko and Jerusalem). Cambridge University Press. ISBN 0 521 39036 2.
- Röhricht, Reinhold (1893). (RRH) Regesta regni Hierosolymitani (MXCVII-MCCXCI) (på latin). Berlin: Libraria Academica Wageriana.
- Röhricht, Reinhold (1904). (RRH Ad) Regesta regni Hierosolymitani Additamentum (på latin). Berlin: Libraria Academica Wageriana.
- de Roziére, red. (1849). Cartulaire de l'église du Saint Sépulchre de Jérusalem: publié d'après les manuscrits du Vatican (på fransk). Paris: Imprimerie nationale.
- Socin, A. (1879). «Alphabetisches Verzeichniss von Ortschaften des Paschalik Jerusalem». Zeitschrift des Deutschen Palästina-Vereins 2: 135–163.
- ↑ Palmer, 1881, s. 287
- ↑ Projected Mid -Year Population for Jerusalem guvernement by Locality 2004- 2006 Arkivert 2012-02-07 ved Wayback Machine. Palestinsk statistisk sentralbyrå.
- ↑ Dauphin, 1998, s. 897
- ↑ Conder og Kitchener, 1883, SWP III, s. 11, 16
- ↑ de Roziére, 1849, s. 102: Bethsurie; s. 263: Bethsurie; s. 303: "in cujus territorio fundata est villa, quae dicitur Parva Mahumeria"; all sitert i Röhricht, 1893, RRH, s. 16-17, No 74
- ↑ Hütteroth and Abdulfattah, 1977, s. 119
- ↑ Guérin, 1868, s. 362
- ↑ Conder og Kitchener, 1883, SWP III, s. 16
- ↑ Barron, 1923, Subdistrict of Jerusalem, s. 15
- ↑ Mills, 1932, s. 38.
- ↑ Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 56
- ↑ Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 102
- ↑ Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 152
- ↑ Morris, Benny (1987) The birth of the Palestinian refugee problem, 1947-1949. Cambridge University Press. ISBN 0-521-33028-9. s.112 158.
- ↑ OCHA
- ↑ Humanitarian Events, Monitoring issues
- ↑ Barrier March 2004 (PDF), arkivert frå originalen (PDF) 13. oktober 2009, henta 29. september 2015
- ↑ BADIL Barrier Report (PDF), arkivert frå originalen (PDF) 9. desember 2008, henta 29. september 2015
- ↑ Barrier route July 2008 (PDF), arkivert frå originalen (PDF) 13. desember 2016, henta 29. september 2015