Biddu i Jerusalem
Biddu (arabisk بدّو, hebraisk skrift בידו) er ein palestinsk by i Jerusalem guvernement, 6 kilometer nordaust for Jerusalem nord på Vestbreidda. I følgje Palestinsk statistisk sentralbyrå hadde byen eit folketal på 6 368 i 2006.[2] Biddu ligg 806 til 834 meter over havet. Den israelske busetjinga Giv'on HaHadasha ligg 2 km aust for Biddu.
Biddu | |||
بدّو | |||
kommune | |||
Biddu
| |||
Namneopphav: «Biddu», førenamn[1] | |||
Land | Dei palestinske territoria | ||
---|---|---|---|
Guvernement | Jerusalem guvernement | ||
Koordinatar | 31°50′02″N 35°08′43″E / 31.83389°N 35.14528°E | ||
Folketal | 6 368 (2006) | ||
Biddu i Jerusalem 31°50′02″N 35°08′43″E / 31.833888888889°N 35.145277777778°E | |||
Kart som viser Biddu i Jerusalem.
| |||
Wikimedia Commons: Biddu |
Historie
endreBellarmino Bagatti meinte at fleire av bygningane i byen er frå 1100-talet. Sørvest for sentrum ligg ruinane av ein wali for sjeik Abu Talal, som kan ha vore ei krossfarar-kyrkje.[3][4]
I 1838, under Det osmanske riket, skreiv den amerikanske bibelforskaren Edward Robinson om landsbyen på reisene sine i området.[5][6]
I mai 1863 vitja den franske oppdagaren Victor Guérin landsbyen, kalla Biddou. Han skildra staden på eit høgt platå, med kring 150 innbyggjarar. Somme av husa verka særs gamle.[7] I 1883 skildra Palestine Exploration Fund i Survey of Western Palestine han som «ein landsby på ei klippe, med ein brunn i nordaust. Han er mellomstor.»[8]
I folketeljinga i 1922 hadde Biddu 252 innbyggjarar, alle muslimar.[9] Dette auka i folketeljinga i 1931 til 399, framleis alle muslimar, i 88 hus.[10]
I 1945 bestod folkesetnaden i Biddu av 520 arabarar og landområdet var 5 392 mål, i følgje ei offisiell landmåling.[11] Av dette var 334 mål for plantasjar og irrigert land, 2 258 for korn,[12] medan 19 mål var utbygde område.[13]
Natt til 19. april 1948 vart landsbyen angripen av Palmach.[14] Styrkane vart leia av Yosef Tabenkin, basert i Jerusalem. Dei vart seinare Harelbrigaden i den israelske hæren. Åtaket kom frå Beit Surik, som hadde blitt erobra tidlegare den kvelden. Biddu vart bombardert frå ein Davidka etter at Palmach-sappørar gjekk inn i landsbyen og øydela husa.[15]
Kjelder
endre- ↑ Palmer, 1881, s. 287
- ↑ Projected Mid -Year Population for Jerusalem guvernement by Locality 2004- 2006 Arkivert 2012-02-07 ved Wayback Machine. Palestinsk statistisk sentralbyrå.
- ↑ Pringle, 1993, s. 160
- ↑ Pringle, 1997, s. 33
- ↑ Robinson and Smith, 1841, vol 2, s. 133, 141
- ↑ Robinson and Smith, 1841, vol 3, s. 66
- ↑ Guérin, 1868, s. 362
- ↑ Conder og Kitchener, 1883, SWP III, s. 17
- ↑ Barron, 1923, Table V||, Subdistrict of Jerusalem, s. 15
- ↑ Mills, 1932, s. 39
- ↑ Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 56
- ↑ Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 102
- ↑ Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 152
- ↑ Morris, Benny (1987) The birth of the Palestinian refugee problem, 1947-1949. Cambridge University Press. ISBN 0-521-33028-9. s.112.
- ↑ Allon, Yigal (1970) The Making of Israel's Army. Vallentine, Mitchell - London. ISBN 0-853-03027-8. s.194 195
- Denne artikkelen bygger på «Biddu, Jerusalem» frå Wikipedia på engelsk, den 29. september 2015.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Barron, J. B., red. (1923). Palestine: Report and General Abstracts of the Census of 1922. Government of Palestine.
- Conder, Claude Reignier; Kitchener, H. H. (1883). The Survey of Western Palestine: Memoirs of the Topography, Orography, Hydrography, and Archeology 3. London: Committee of the Palestine Exploration Fund.
- Guérin, Victor (1868). Description Géographique Historique et Archéologique de la Palestine (på fransk). 1: Judee, pt. 1. Paris: L'Imprimerie Nationale.
- McCown, C. (1923) Moslem Shrines in Palestine. AASOR (=Annual of the American Schools of Oriental Research), 2-3, s. 47-79 Fig 7
- Hadawi, Sami (1970), Village Statistics of 1945: A Classification of Land and Area ownership in Palestine, Palestinsk frigjeringsorganisasjon forskingssentral
- Mills, E., red. (1932). Census of Palestine 1931. Population of Villages, Towns and Administrative Areas (PDF). Jerusalem: Government of Palestine.
- Palmer, E. H. (1881). The Survey of Western Palestine: Arabic and English Name Lists Collected During the Survey by Lieutenants Conder og Kitchener, R. E. Transliterated and Explained by E.H. Palmer. Committee of the Palestine Exploration Fund.
- Pringle, Denys (1993). The Churches of the Crusader Kingdom of Jerusalem: Volume I A-K (excluding Akko and Jerusalem). Cambridge University Press. ISBN 0 521 39036 2.
- Pringle, Denys (1997). Secular buildings in the Crusader Kingdom of Jerusalem: an archaeological Gazetter. Cambridge University Press. ISBN 0521 46010 7.
- Robinson, Edward; Smith, Eli (1841). Biblical Researches in Palestine, Mount Sinai and Arabia Petraea: A Journal of Travels in the year 1838 2. Boston: Crocker & Brewster.
- Robinson, Edward; Smith, Eli (1841). Biblical Researches in Palestine, Mount Sinai and Arabia Petraea: A Journal of Travels in the year 1838 3. Boston: Crocker & Brewster.