Beito er ei grend i Øystre Slidre i Innlandet. Grenda ligg nord for innsjøen Øyangen, om lag 780 meter over havet. Beito ligg ved Fylkesveg 288, fire kilometer vest for Beitostølen.

Frå Beito er det 43 km bilveg til Fagernes i søraust.

Spelemennene Nils og Engebret Beitohaugen og språkforskaren Olav T. Beito var alle frå Beito.

KjelderEndra

  • Norsk Allkunnebok. I. Bandet. 1949