Kvite Drin
Kvite Drin (albansk Drini i Bardhë, serbisk Beli Drim, kyrillisk skrift Бели Дрим) er ei elv som renn frå Kosovo og gjennom nordlege delar av Albania, før ho etter 175 km flyt i saman med Svarte Drin og dannar elva Drin som renn ut i Adriahavet. Like ved utgangspunktet fell elva ned ein 25 meter høg foss, nær landsbyen Radovac.
Kvite Drin | |||
elv | |||
Kvite Drin
| |||
Land | Kosovo, Albania | ||
---|---|---|---|
Nedslagsfelt | 4 964 km² | ||
Renn gjennom | Kukës | ||
Sideelvar | 11 stk | ||
Lengd | 175 km | ||
Middelvassføring | 56 m³/s | ||
Kjelde | Fjellet Žljeb, nord for Peć i Kosovo | ||
Munning | Flyt saman med Svart Drin ved Kukës i Albania og dannar Drin | ||
Kvite Drin 42°05′30″N 20°23′41″E / 42.091666666667°N 20.394722222222°E | |||
Wikimedia Commons: White Drin |
Kvite Drin renn først austover, nær kurbadet Pećka banja og landsbyane Banjica, Trbuhovac og Zlokućane der ho møter elva Istočka frå venstre og så snur sørover. Resten av elveløpet går gjennom det frodige og tett folkesette sentralområdet i Metohija (Podrima-regionen), men det er merkeleg nok ingen større busetnadar nær sjølve elva. Dei største byane er fleire kilometer unna (Peć, Đakovica, Prizren) medan nokre mindre byar (Klina) og større landsbyar (Velika Kruša, Đonaj) ligg litt nærare.
Kvite Drin har relativt lange sideelvar: Pećka Bistrica, Dečanska Bistrica, Prue potok og Erenik frå høgre; Istočka, Klina, Miruša, Rimnik, Topluga og Prizrenska Bistrica frå venstre.
Kosovar-delen av Kvite Drin sitt nedslagsfelt er 4 360 km². Fleire av sideelvene vert brukt til vassverk for dei større byane i nærleiken, som vatning og straumproduksjon (særleg sideelvene til høgre). Ved Vrbnica-Shalqin kryssar elva grensa til det austlege Albania og regionen Trektan.
Trektan
endreDen albanske delen av elva er berre 19 km lang med eit nedslagsfelt på 604 km². Det er ingen busetnadar nær elva, og ho har Lumë som sideelv frå venstre (som òg har sitt utspring i Metohija frå fleire elvar i Gora-regionen). Til slutt når Kvite Drin byen Kukës der ho flyt saman med Svarte Drin og dannar elva Drin, som renn ut i Adriahavet. Det er ikkje mogeleg med transport på elva.
Heile den albanske delen (og noko av den kosoviske) er dekt av ein kunstig innsjø med namn Fierza.
Sjå òg
endreKjelder
endre- Mala Prosvetina Enciklopedija, Tredje utgåve (1985); Prosveta; ISBN 86-07-00001-2
- Jovan Đ. Marković (1990): Enciklopedijski geografski leksikon Jugoslavije; Svjetlost-Sarajevo; ISBN 86-01-02651-6