Bell Bottom Blues

Bell Bottom Blues
Singel av Derek and the Dominos
frå albumet Layla and Other Assorted Love Songs
Språk engelsk
Utgjeve 1970
Innspelt Criteria Studios i Miami, 1970
Sjanger Bluesrock
Lengd 5:01
Selskap Atco Records
Komponist Eric Clapton, Bobby Whitlock
Tekstforfattar Eric Clapton, Bobby Whitlock
Produsent Tom Dowd
Kritikk

«Bell Bottom Blues» er ein song skriven av Eric Clapton og framført av Derek and the Dominos. Han omhandlar ugjengjeldt kjærleik og vart gjeven ut på albumet Layla and Other Assorted Love Songs i 1970.

Duane Allman spelte ein del på albumet, men ikkje på denne songen. Det er derfor berre Clapton som spelar gitar på denne songen. Songen er den nest mest kjende frå albumet etter det kjende tittelsporet, «Layla».

Bell-bottom tyder slengbukse, som var populære på denne tida. I følgje Clapton vart songen skriven for Pattie Boyd etter ho bad han skaffe ho eit par slengbukser i USA.Clapton skreiv songen for ho, og mange andre på albumet, som «I Looked Away».[1] På enkelte turnear spelte han songen som ein del av eit akustisk sett. Han spelte songen i lag med Bobby WhitlockLater with Jools Holland i april 2000.

Kjelder endre

  1. Eric Clapton: The Autobiography - Eric Clapton - Century - ISBN 9781846051609 (2007)