Layla and Other Assorted Love Songs
Layla and Other Assorted Love Songs Studioalbum av Derek and the Dominos | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 9. november 1970 | |
Innspelt | 26. august–10. september, 1–2. oktober 1970 | |
Studio | Criteria Studios, Miami, Florida | |
Sjanger | Bluesrock | |
Lengd | 1:17:16 | |
Selskap | Polydor, Atco | |
Produsent | Tom Dowd (exec), Derek and the Dominos | |
Eric Clapton-kronologi | ||
---|---|---|
Eric Clapton (1970) |
Layla and Other Assorted Love Songs | The History of Eric Clapton (1972) |
Singlar frå Layla and Other Assorted Love Songs | ||
|
Layla and Other Assorted Love Songs er eit bluesrockalbum av Derek and the Dominos som kom ut i november 1970, mest kjend for tittelsporet «Layla». Albumet vert ofte rekna som høgdepunktet i karrieren til Eric Clapton i eit band i lag med Bobby Whitlock på klaverinstrument og vokal, Jim Gordon på trommer, Carl Radle på bass, og gjesteartist Duane Allman på solo- og slidegitar.
Layla and Other Assorted Love Songs nådde 16. plass på den amerikanske albumlista og selde til gullplate.[11] Albumet nådde igjen albumlista i 1972, 1974 og 1977. Det nådde aldri albumlista i Storbritannia.[12]
I 2000 vart albumet innlemma i Grammy Hall of Fame. I 2003 kåra VH1 Layla and Other Assorted Love Songs til det 89. beste albumet gjennom tidene, medan Rolling Stone rangerte det på 117. plassen på lista deira over dei 500 beste albuma gjennom tidene.[11]
Bakgrunn
endreDet kortvarige samarbeidet som skapte Layla and Other Assorted Love Songs, Derek and the Dominos, kom som følgje av at Clapton var frustrert med den intensive publisiteten som følgde supergruppene Cream og det kortvarige Blind Faith. Etter desse vart oppløyst, vart Clapton med i Delaney and Bonnie and Friends, som han vart kjend med då dei varma opp for Blind Faith i Storbritannia.
Etter at dette bandet òg vart oppløyst, slo Bobby Whitlock seg saman med Clapton og dei skreiv dei fleste songane i lag for albumet. Etter ein turn med Joe Cocker, slo fleire av medlemmane frå Delaney and Bonnie seg saman med Clapton. Han prøvde å unngå rampelyset med å skjule seg bak det anonyme namnet Derek and the Dominos og la ut på ein turne i Storbritannia der dei spelte på små klubbar. Clapton hadde på denne tida vorte forelska i Pattie Boyd, kona til bestevenen George Harrison. Ikkje ein gong heroin, som Clapton no hadde byrja å bruke, kunne døyve smerta. Resultatet vart dette albumet og songen «Layla». Dave Marsh, i The Rolling Stone Illustrated History of Rock and Roll, skreiv at «det er eit par augneblink i rockehistoria der songaren eller låtskrivaren har nådd så djupt inn i seg sjølv at effekten av høyre dei er det same som å vere vitne til eit mord eller sjølvmord ... for meg er 'Layla' den største av desse.»[13]
Under innspelinga av albumet i Miami, vart Clapton invitert på ein konsert med The Allman Brothers. Her møtte han Duane Allman som vart invitert med i studio og etter kvart spelte på albumet.
Innhald
endreNr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «I Looked Away» | Eric Clapton, Bobby Whitlock | 3:05 |
2. | «Bell Bottom Blues» | Clapton | 5:02 |
3. | «Keep on Growing» | Clapton, Whitlock | 6:21 |
4. | «Nobody Knows You When You're Down and Out» | Jimmy Cox | 4:57 |
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
5. | «I Am Yours» | Clapton, Nezami | 3:34 |
6. | «Anyday» | Clapton, Whitlock | 6:35 |
7. | «Key to the Highway» | Charles Segar, Willie Broonzy | 9:40 |
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
8. | «Tell the Truth» | Clapton, Whitlock | 6:39 |
9. | «Why Does Love Got to Be So Sad?» | Clapton, Whitlock | 4:41 |
10. | «Have You Ever Loved a Woman» | Billy Myles | 6:52 |
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
11. | «Little Wing» | Jimi Hendrix | 5:33 |
12. | «It's Too Late» | Chuck Willis | 3:47 |
13. | «Layla» | Clapton, Jim Gordon | 7:05 |
14. | «Thorn Tree in the Garden» | Whitlock | 2:53 |
Dei fire sidene vart samla på ein enkelt CD.
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «Mean Old World» | Walter Jacobs | 3:52 |
2. | «Roll It Over» | Clapton, Whitlock | 4:31 |
3. | «Tell the Truth» (singelversjon) | Clapton, Whitlock | 3:23 |
4. | «It's Too Late» (Live på The Johnny Cash Show, 11/05/1970) | Chuck Willis | 4:11 |
5. | «Got to Get Better in a Little While» (Live på The Johnny Cash Show, 11/05/1970) | Clapton | 6:34 |
6. | «Matchbox» (Live på The Johnny Cash Show, 11/05/1970) (med Johnny Cash og Carl Perkins) | Carl Perkins | 3:56 |
7. | «Blues Power» (Live på The Johnny Cash Show, 11/05/1970) | Clapton, Leon Russell | 6:31 |
8. | «Snake Lake Blues» (ny miks) | Clapton, Whitlock | 3:34 |
9. | «Evil» (ny miks) | Willie Dixon | 4:34 |
10. | «Mean Old Frisco» (ny miks) | Arthur Crudup | 4:04 |
11. | «One More Chance» (ny miks) | Clapton | 3:15 |
12. | «Got to Get Better in a Little While» (jam) | Clapton | 3:45 |
13. | «Got to Get Better in a Little While» (ny miks) | Clapton | 6:05 |
Medverkande
endre- Eric Clapton - Solo, rytme, slide, og akustisk gitar, solovokal
- Bobby Whitlock - Orgel, piano, vokal, akustisk gitar
- Jim Gordon - Trommer, perkusjon, piano
- Carl Radle - Bass, perkusjon
- Duane Allman - Slide og sologitar (spor 4 til 14)
Teknisk
- Tom Dowd – leiande produsent
- Ron Albert – lydteknikar
- Chuck Kirkpatrick – lydteknikar
- Howie Albert – lydteknikar
- Carl Richardson – lydteknikar
- Mac Emmerman – lydteknikar
- Dennis M. Drake – mastering
- Emile Théodore Frandsen de Schomberg – måler på framsida, «La Fille au Bouquet»
Layla-innspelingane
- Dan Gellert – assisterande lydteknikar
- Scott Hull – digital redigering
- Mitchell Kanner – kunstnarisk leiar
- George Lebon – kunstnarisk leiar
- Bill Levenson – produsent
- Bob Ludwig – mastering
- Steve Rinkoff – miksing
- Gene Santoro – notat
Salstrofé
endreRegion | Salstrofé | Salstal |
---|---|---|
Canada (Music Canada)[15] | Gull | 50 000^ |
Danmark[16] | Gull | 25 000 |
Storbritannia (BPI)[17] | Gull | 160,000^ |
Storbritannia (BPI)[18] Re-release |
Sølv | |
USA (RIAA)[19] | Platina | 1,500,000^ |
USA (RIAA)[20] Re-release |
Gull | |
^salstala er basert på sertifiseringa aleine |
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Layla and Other Assorted Love Songs» frå Wikipedia på engelsk, den 13. mars 2011.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- «115: Layla and Other Assorted Love Songs, Derek and the Dominos». The RS 500 Greatest Albums of All Time. Rolling Stone. Arkivert frå originalen 4. desember 2009. Henta 14. mars 2011.
- Clapton, Eric (2007). Clapton: the autobiography. Random House. s. 128. ISBN 9780385518512.
- «Derek and the Dominos - "Layla" hand-embellished digital print on canvas». Arkivert frå originalen 15. juli 2011. Henta 14. mars 2011.
- Gambaccini, Paul (1987). The Top 100 Rock 'n' Roll Albums of All Time. Harmony Books.
- Poe, Randy (2008). Skydog: The Duane Allman Story. New York: Backbeat. ISBN 9780879309398.
- Robbins, Ira (10. april 1990). «Rev. of The Layla Sessions». Rolling Stone. Henta 14. mars 2011.
- ↑ Erlewine, Stephen Thomas. «Layla and Other Assorted Love Songs – Derek & the Dominos». AllMusic. Rovi Corporation. Review. Henta 16. juni 2018.
- ↑ Kot, Greg (1993). «It's A Roller-coaster Career From Blues To Pop And Back». Chicago Tribune (21. februar). Henta 16. juni 2018.
- ↑ Christgau, Robert (1981). Christgau's Record Guide: Rock Albums of the Seventies. Ticknor & Fields. s. 106. ISBN 089919026X.
- ↑ «Review: Layla and Other Assorted Love Songs». Down Beat (Maher Publications). February 1991. Henta 19. februar 2012.
- ↑ Larkin, Colin (2011). Encyclopedia of Popular Music (5th utg.). Omnibus Press. s. 2006. ISBN 0857125958.
- ↑ «Layla and Other Assorted Love Songs». Acclaimed Music. Arkivert frå originalen 22. november 2017. Henta 7. november 2015.
- ↑ «Review: Layla and Other Assorted Love Songs». Q (EMAP Metro Ltd) (122): 147. November 1996.
- ↑ DeCurtis, Anthony (27. januar 2005). «Layla and Other Assorted Love Songs». Rolling Stone (Jann S. Wenner). Arkivert frå originalen 16. juni 2018. Henta 16. juni 2018.
- ↑ Campbell, Hernan M. (23. mai 2012). «Layla and Other Assorted Love Songs». Sputnikmusic. Henta 5. november 2015.
- ↑ Williamson, Nigel (February 2005). «The Domino Effect». Uncut: 86.
- ↑ 11,0 11,1 "115: Layla and Other Assorted Love Songs."
- ↑ Gambaccini, The Top 100.
- ↑ Robbins, "Review."
- ↑ https://www.discogs.com/Derek-The-Dominos-Layla-And-Other-Assorted-Love-Songs-40th-Anniversary-Deluxe-Edition/release/3965017 Henta 16. juni 2018
- ↑ «CRIA Sales Award». Canadian Recording Industry Association. Worthpoint.com. Arkivert frå originalen 28. desember 2015. Henta 23. desember 2015.
- ↑ «IFPI Danmark Sales Award». International Federation of the Phonographic Industry Danmark. Heritage Auctions. Arkivert frå originalen 30. desember 2015. Henta 30. desember 2015.
- ↑ «BPI Gold Sales Award». British Phonographic Industry. Worthpoint.com. Arkivert frå originalen 5. august 2015. Henta 23. desember 2015.
- ↑ «British album salstrofé – Derek & the Dominos – Layla & Other Assorted Love Songs». British Phonographic Industry. Enter Layla & Other Assorted Love Songs in the field Search. Select Title in the field Search by. Select album in the field By Format. Click Go
- ↑ «RIAA Platinum Sales Award». Recording Industry Association of America. Worthpoint.com. Arkivert frå originalen 22. oktober 2015. Henta 23. desember 2015.
- ↑ «RIAA Gold Sales Award». Recording Industry Association of America. Liveauctioneers.com. Arkivert frå originalen 23. desember 2015. Henta 23. desember 2015.
Bakgrunnsstoff
endre- Lengre skildring av det første møtet mellom Clapton og Duane Allman Arkivert 2006-11-10 ved Wayback Machine.
- Meldingar
227: Here's Little Richard Little Richard |
Plassering på lista til Rolling Stone frå 2020 over dei 500 beste albuma gjennom tidene 226 Layla and Other Assorted Love Songs Derek and the Dominos |
225: Yankee Hotel Foxtrot Wilco |
118: Late Registration Kanye West |
Plassering på lista til Rolling Stone frå 2012 over dei 500 beste albuma gjennom tidene 117 Layla and Other Assorted Love Songs Derek and the Dominos |
116: Out of Our Heads The Rolling Stones |