Ben Bernanke
Ben Shalom Bernanke (fødd 13. desember 1953) i Augusta i Georgia i USA) er ein amerikansk økonom som var sentralbanksjef i USA frå 2006 til 2014. Han har teke universitetsutdanninga si på Harvard University og doktorgraden på Massachusetts Institute of Technology. Etter dette han har undervist på mellom anna Stanford University og London School of Economics, og vore professor på Princeton University. Han var frå august 2002 til juni 2005 sentralstyremedlem i Federal Reserve, og vart deretter økonomisk rådgivar for Det kvite huset.
Ben Bernanke | |
![]() | |
Fødd | 13. desember 1953 Augusta i Georgia |
---|---|
Nasjonalitet | USA |
Yrke | samfunnsøkonom, politikar, professor, bankier, lærar |
Institusjonar | Princeton University New York University Stanford University |
Alma mater | Harvard University Massachusetts Institute of Technology Dillon High School |
Doktorgradsrettleiar | Stanley Fischer |
Medlem | Federal Reserve Board of Governors American Academy of Arts and Sciences Econometric Society |
Verv | Sentralbanksjef i USA 2006-2014 |
24. oktober 2005 nominerte president George W. Bush Bernanke til å etterfølgje Alan Greenspan som sjef for Federal Reserve, sentralbanken i USA. Bernanke vart innsett i stillinga 1. februar 2006 etter at det amerikanske senatet stadfesta nominasjonen til Bush ved ei avstemming 31. januar 2006.