Bendiks Andreas Heide

lokalhistorikar

Bendiks Andreas Heide (13. november 189814. august 1981 i Harstad) var ein norsk lærar, lokalpolitikar og lokalhistorikar. Han var fødd og oppvaksen på Ytter-Byndra (Ytre Bjørnå) på Grytøya i Harstad kommune (tidlegare Trondenes herad) og busett på Vollstad i Harstad kommune (tidlegare Sandtorg herad).

Bendiks Andreas Heide
Statsborgarskap Noreg
Fødd 13. november 1898
Harstad kommune
Død

14. august 1981 (82 år)
Harstad kommune

Yrke lærar, lokalhistorikar, politikar

Bendiks Heide var gift med Ingrid Antonie Øllegård Mork.

Foreldra var Hans Fyhn Heide og Maren Nilsdatter.

Liv og virke endre

Bendiks Heide tok eksamen ved Volda lærarskule i 1921, og tilleggsutdanning ved Noregs Lærarhøgskole 1924-25.

Bendiks Heide var lærar på Andenes eitt år (1921-22) og deretter i Fauskevåg i Harstad kommune (tidlegare Sandtorg herad) (1922-1948) før han gjekk over i stillinga som skoleinspektør i Sandtorg herad (1948-1968).

Bendiks Heide var formann i Trondenes lærarlag ein periode.

Bendiks Heide var aktiv politikar for Kristeleg Folkeparti. I 1946-48 representerte han borgarleg fellesliste i Sandtorg heradstyre, men frå 1948 til 1963 representerte han Kristeleg Folkeparti, og det same i 1963-1967 i Harstad kommunestyre. Han var formann i Sandtorg skolestyre i lengre tid.

Bendiks Heide kom til Fauskevåg skolekrins etter at denne og Melvik skolekrins hadde gått over til nynorsk i 1917, han var aktiv målmann og brukte nynorsk all sin dag.

Utgjevingar endre

Bendiks Heide hadde djupe lokalhistoriske interesser, og han skreiv fleire lengre artiklar:

  • Skoleinspektør Bendiks Heide: "Skole- og opplysningsarbeid". Side 473-555 i: Trondenes bygdebok. Trondenes sogns historie'. Ved Trygve Lysaker. Trondenes bygdeboknemnd. [Harstad] 1958.
  • Harstad samvirkelag 50 år 1921-1971. [Harstad] 1971. 23 sider, ill.
  • Handel i Fauskevåg. Fauskevåg samvirkelag 25 år 1947 – 1973. [Fauskevåg samvirkelag], [Fauskevåg] 1973. 24 sider. ill.

Bendiks Heide skreiv i tillegg ei rekke lokalhistoriske artiklar, blant anna i Håløygminne, Harstad Tidende og fleire andre blad.

Kjelder endre

  • Karl Bakke, red: Norske skolefolk. Bind 1, Dreyer forlag, Stavanger, 1952
  • Lars Beite, red: Norske skolefolk. Bind 1, Tredje utgave. Paul T. Dreyers forlag, Stavanger, 1966.