Bennie and the Jets
Bennie and the Jets Singel av Elton John frå albumet Goodbye Yellow Brick Road | ||
B-side |
«Harmony» | |
---|---|---|
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 4. februar 1974 | |
Sjanger | Glamrock | |
Lengd | 5:23 | |
Selskap | MCA (US/Canada) DJM Records | |
Komponist | Elton John | |
Tekstforfattar | Bernie Taupin | |
Låtskrivar(ar) | Elton John, Bernie Taupin | |
Elton John-kronologi | ||
«Candle in the Wind» (1974) |
Bennie and the Jets | «Don't Let the Sun Go Down on Me» (1974)
|
«Bennie and the Jets» er ein song av Elton John med tekst av Bernie Taupin.[1] Songen vart først gjeven ut på Goodbye Yellow Brick Road i 1973 og vart året etter gjeven ut som singel.
Songen fortel om «Bennie and the Jets», eit fiktivt band som Elton John visstnok var tilhengjar av. I intervju har Taupin fortalt at teksten er eit satirisk syn på musikkindustrien i 1970-åra.
Elton John var imot at songen skulle ut på singel, sidan han trudde han ville gjere det dårleg, men han vart mykje spelt på radio i USA og gjekk til slutt heilt til topps der i 1974. Singelen selde til gullplate same året og til platina i 1995. Songen gjekk òg til topps i Canada.
Axl Rose, frå Guns N' Roses, har sagt at det var «Bennie and the Jets» som inspirerte han til å verte songar. Han song sidan songen i lag med Elton John på the Freddie Mercury Tribute Concert i 1992.
Medverkande
endre- Elton John – piano, Farfisa-orgel, vokal
- Davey Johnstone – akustisk og elektrisk gitar
- Dee Murray – bass
- Nigel Olsson – trommer
Salslister
endre
Vekeslisterendre
|
Årslisterendre
|
Andre versjonar
endreAndre artistar som har spelt songen er Beastie Boys, Katherine Heigl og James Marsden i filmen 27 Dresses, Mary J. Blige sampla melodien i «Deep Inside», Ashanti og Cher.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Bennie and the Jets» frå Wikipedia på engelsk, den 20. november 2011.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Bennie and the Jets at allmusic.com
- ↑ "Lescharts.com – Elton John – Bennie and the Jets" (på fransk). Les classement single. Hung Medien. Henta 22. juni 2017.
- ↑ "The Irish Charts – Search Results – Bennie and the Jets". Irish Singles Chart. Retrieved 22. juni 2017.
- ↑ «flavour of new zealand - search listener». Flavourofnz.co.nz. Henta 9. oktober 2016.
- ↑ "John?f=379&g=Singles Elton John Album & Song Chart History" Billboard Hot 100 for Elton John. Prometheus Global Media. Henta 22. juli 2017.
- ↑ "John?f=367&g=Singles Elton John Album & Song Chart History" Billboard R&B/Hip-Hop Songs for Elton John. Prometheus Global Media. Henta 22. juli 2017.
- ↑ «Image : RPM Weekly - Library and Archives Canada». Bac-lac.gc.ca. Henta 9. oktober 2016.
- ↑ «Top 100 Hits of 1974/Top 100 Songs of 1974». Musicoutfitters.com. Henta 9. oktober 2016.
- ↑ «Archived copy». Arkivert frå originalen 19. oktober 2014. Henta 16. juli 2015.