Davey Johnstone
Davey Johnstone (fødd 6. mai 1951) er ein skotsk gitarist og vokalist, mest kjend for arbeidet sitt med Elton John.[1]
Davey Johnstone | |
![]() Johnstone i 2008 med Elton John | |
Fødd | 6. mai 1951 (72 år) Edinburgh i Skottland |
---|---|
Fødestad | Edinburgh |
Fødenamn | David William Logan Johnstone |
Opphav | Storbritannia |
Aktiv | 1968–i dag |
Sjanger | Rock, folk |
Instrument | Gitar, mandolin, dulcimer, sitar, synthesizer, tenorbanjo |
Kjende instrument | Gibson Les Paul Gibson Flying V |
Tilknytte artistar | Elton John, Noel Murphy, Magna Carta, Alice Cooper, Meat Loaf, John Jorgenson, Stevie Nix, Rod Stewart, Bob Seger, The Pointer Sisters, Leo Sayer |
Plateselskap | Vertigo, Rocket, Artful Balance Records |
Verka som | Musikar Låtskrivar Kapellmeister |
Johnstone arbeidde først med Noel Murphy i 1968 og arbeidde frå 1969 som studiomusikar. I 1970 spelte han med Magna Carta, og han vart då kjend med plateprodusenten Gus Dudgeon som tilbaud Johnstone å spele på debutalbumet til Bernie Taupin i 1970, noko som førte til at han møtte Elton John. Johnstone spelte på albumet hans Madman Across the Water i 1971 og vart så invitert med i bandet til John på fulltid.
Johnstone har i tillegg til å gje ut eit eige soloalbum, spelt i lag med artistar som Meat Loaf og Alice Cooper.
DiskografiEndra
- Smiling Face (1973)
KjelderEndra
- Denne artikkelen bygger på «Davey Johnstone» frå Wikipedia på engelsk, den 26. oktober 2011.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Prato, Greg. «Biography: Davey Johnstone». Allmusic. Henta 26. oktober 2011.
BakgrunnsstoffEndra
- Johnstone fanside Arkivert 2016-10-13 ved Wayback Machine.