Don't Let the Sun Go Down on Me
Don't Let the Sun Go Down on Me Singel av Elton John frå albumet Caribou | ||
B-side |
«Sick City» | |
---|---|---|
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 20. mai 1974 | |
Innspelt | Caribou Ranch | |
Sjanger | Softrock | |
Lengd | 5:35 | |
Selskap | MCA, DJM, Rocket/Phonogram | |
Komponist | Elton John | |
Tekstforfattar | Bernie Taupin | |
Låtskrivar(ar) | Elton John, Bernie Taupin | |
Produsent | Gus Dudgeon | |
Elton John-kronologi | ||
«Bennie and the Jets» (1974) |
Don't Let the Sun Go Down on Me | «The Bitch Is Back» (1974)
|
Don't Let the Sun Go Down on Me Singel av George Michael/Elton John | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 30. november 1991 | |
Innspelt | Wembley Arena, London | |
Sjanger | Rock, pianorock | |
Lengd | 5:47 | |
Selskap | Columbia, Epic | |
Komponist | Elton John | |
Tekstforfattar | Bernie Taupin | |
Låtskrivar(ar) | Elton John, Bernie Taupin | |
---|---|---|
Produsent | George Michael | |
George Michael-kronologi | ||
«Cowboys and Angels» (1991) |
Don't Let the Sun Go Down on Me | «Too Funky»
|
«Don't Let the Sun Go Down on Me» er ein song av Elton John med tekst av Bernie Taupin på albumet Caribou frå 1974. Songen vart gjeven ut som singel same året.
På refrenget er blåsearrangement gjort av Del Newman, og Beach Boys-medlemmane Carl Wilson og Bruce Johnston, samt Toni Tennille syng korvokal. Med på songen er òg Ray Cooper på perkusjon og Dave Hentschel på mellotron.
Det vart spelt inn eit konsertopptak den 14. desember 1986 som er gjeven ut på Live in Australia with the Melbourne Symphony Orchestra. Ei forkorta utgåve av denne innspelinga vart gjeven ut som singel i 1987 og finst på To Be Continued....
I 1991 spelte John inn songen som ein duett med George Michael og singelen vart ein stor suksess. Paret hadde sunge songen i lag på Live Aid i 1985. Singelen var spelt inn under ein konsert på Wembley Arena i London den 25. mars 1991 då Elton John var gjesteartist for George Michael. Duetten vart ein stor hit på begge sider av Atlanteren og nådde toppen av lista i mellom anna Storbritannia, USA og Noreg. Denne versjonen finst på John-albumet Love Songs. Inntektene frå singelen vart delt mellom 10 forskjellige veldedige organisasjonar for born, AIDS og utdanning.
Listeplasseringar
endreOriginalutgåva av «Don't Let the Sun Go Down on Me» nådde 16. plass i Storbritannia og andreplass i USA. I Canada gjekk han heilt til topps og vart den femte listetoppen hans i det landet.[1]
Andre versjonar
endre«Don't Let the Sun Go Down on Me» har vore ein populær song for mange andre artistar som Maynard Ferguson, Roger Daltrey, The Winans, Gloria Estefan, Oleta Adams, Joe Cocker, Me First and the Gimme Gimmes, Vanessa Carlton og Bettye LaVette.
Lister
endreOriginalversjonen
endreListe (1974) | Plassering |
---|---|
Canada[1] | 1 |
Nederland[2] | 30 |
Irland[3] | 17 |
Storbritannia[4] | 16 |
U.S. Billboard Hot 100[5] | 2 |
U.S. Billboard Adult Contemporary Tracks[5] | 3 |
George Michael/Elton John-versjonen
endreListe (1991/92) | Plassering |
---|---|
Australia[6] | 3 |
Austerrike[6] | 2 |
Canada | 1 |
Nederland[7] | 1 |
Frankrike[6] | 1 |
Tyskland[6] | 4 |
Irland[3] | 2 |
Italia | 1 |
New Zealand[6] | 4 |
Noreg[6] | 1 |
Sverige[6] | 2 |
Sveits[6] | 1 |
Storbritannia[8] | 1 |
U.S. Billboard Hot 100 | 1 |
U.S. Billboard Adult Contemporary Tracks | 1 |
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Don't Let the Sun Go Down on Me» frå Wikipedia på engelsk, den 22. november 2011.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ 1,0 1,1 Library and Archives Canada. http://www.collectionscanada.gc.ca/rpm/028020-119.01-e.php?brws_s=1&file_num=nlc008388.5072a&type=1&interval=24&PHPSESSID=0uff435171gkfba8j57ii6mhl5
- ↑ "Don't Let the Sun Go Down on Me", Dutch Mega Top 100 Dutchcharts.nl
- ↑ 3,0 3,1 Irland Irishcharts.ie
- ↑ "Don't Let the Sun Go Down on Me", UK Singles Chart Chartstats.com
- ↑ 5,0 5,1 Billboard Allmusic.com
- ↑ 6,0 6,1 6,2 6,3 6,4 6,5 6,6 6,7 "Don't Let the Sun Go Down on Me" (duet version), in various singles charts Lescharts.com
- ↑ «Single top 100 over 1992» (pdf) (på nederlandsk). Top40. Henta 22. november 2011.
- ↑ "Don't Let the Sun Go Down on Me" (duet version), UK Singles Liste Chartstats.com (Retrieved 15 januar 2009)
Føregangar «Black or White» Michael Jackson |
Toppen av VG-lista Elton John & George Michael 7 veker, veke 52, 1991–veke 5, 1992 |
Etterfylgjar «You» Ten Sharp |