Benue
Benue (fransk la Bénoué) er den største sideelva til Nigerelva. Ho er rundt 1 400 km lang, av dette dryge 1 000 km i Nigeria. Elva er seglbar over nesten heile lengda si i sommarmånadene. Ho er følgjeleg ein viktig transportveg i dei områda ho renn gjennom. I Nigeria renn den øvre del gjennom delstaten Taraba, og den nedre delen gjennom Benue. Området er ofte herja av malaria.
Benue | |||
elv | |||
Benue ved Jimeta.
| |||
Land | Kamerun, Nigeria | ||
---|---|---|---|
Benue 7°47′00″N 6°46′00″E / 7.783333°N 6.766667°E | |||
Kart som viser Benue.
| |||
Wikimedia Commons: Benue River |
Benue-elva har utspring på Adamawaplatået nord i Kamerun frå grensetraktene mot Tsjad i aust, og renn derfrå i nordvestleg retning, gjennom den 308 meter lange Lagdo-demningen (84 MW, reservoar 586 km²), via byen Garoua og over grensa til Nigeria sør for Mandarafjella. Deretter renn ho vest- og sørvestover gjennom nabobyane Yola og Jimeta, deretter Numan, Ibi og Makurdi, før ho munnar ut i Nigerelva ved Lokoja, 150 km sør for den nigerianske hovudstaden Abuja.
Vasskraft
endreBenue-vassdraget har eit betydeleg potensial for vasskraft. Førebels er Lagdo-demningen bygd ut i Kamerun, medan Nigeria har vurdert større utbyggingar med løfte om kinesisk finansiering. Dei gjennomførte og planlagde vasskraftprosjekta omfattar:
- Lagdo-demningen – 84 MW – det største vasskraftprosjektet i Kamerun utanom vassdraget Sanaga. Bygd ut med kinesisk bistand, blir i dag drive av det amerikanske energiselskapet AES.
- Mambila-demningen - 3900 MW - det største vasskraftprosjekt i Nigeria, «Nimengbeila» på Benue si sideelv Donga, som har fått løfte om kinesisk finansiering.[1][2][3] Prosjektet blei kopla til bygging av oljeraffineri med totalt 28 milliardar US-dollar i potensiell kinesisk kapital.[4]
Sideelvar
endreSideelvane frå høvesvis aust og vest er omtrent jamstore, og mange av dei er dryge 200 km lange. Den øvste sideelva er Mayo Kébbi, som i flaumperiodar har samband med elva Logone – ein del av dreneringssystemet til Tsjadsjøen. Sideelva renn gjennom Tsjad og Kamerun der ho møter Benue ved byen Garoua. Ovanfor denne staden blir Benue demd opp med Lagdo-demningen.
Neste større (høgre) sideelv er Gongola, som er om lag 400 km lang. Ho startar i dei sentral-nigerianske fjella i delstaten Bauchi aust for byen Jos, og munnar ut i Benue-elva ved byen Numan.
Andre høgre sideelvar er Pai, Wase, Ankwe og Okwa, medan venstre sideelvar er Taraba og Donga i Taraba-staten, og Katsina i Benue-staten. Desse venstre sideelvane kjem frå Adamawaplatået i inntil 2 000 meters høgde, og har potensial for vasskraft.
Kjelder
endre- ↑ Dams Planned for African Rivers - International Rivers, mai 2006, side 12.
- ↑ Chinese investment in African hydro - International Water Power, 6. november 2009.
- ↑ ERA Field Report No 19: Power Shift at the Dam, a looming National Disaster - Lori Pottinger, IRN.org. 1999.
- ↑ Nigeria/China’s $28.5bn Oil Deal may be Truncated Arkivert 18. september 2010 på Wayback Machine. - Business World, 24. mai 2010.
- Denne artikkelen bygger på «Benue» frå Wikipedia på bokmål, den 16. april 2023.