Barbar viser til ein person ein oppfattar som usivilisert. Ordet er ofte nytta enten som ei generell nemning om personar frå ein nasjon eller folkegruppe, typisk sett eit stammesamfunn, som blei rekna som anten underlegne eller beundra som «edle ville» av urbane sivilisasjonar. I idiomatisk eller figurativ tyding kan ordet nyttast som ein individuell referanse til ein brutal, grusam, krigersk eller ufølsam person.[1]

Moderne framstilling frå 1905 av germanarar som barbarar.

Opphavleg tyding endre

Omgrepet har opphav i gammalgresk βάρβαρος, barbaros. Dette finst i det greske uttrykket «πᾶς μὴ Ἕλλην βάρβαρος» (pas mē Hellēn barbaros), som bokstaveleg betyr «einkvar som ikkje er gresk er barbar». I antikken nytta grekarar nemninga om folk i andre kulturar, men også for å spotta andre greske stammar og statar. Det kunne visa til alle utlendingar, ein som ikkje høyrde til ein anerkjent gresk kultur, eller ordet var farga av talaren eller forfattaren som brukte omgrepet. Ordet uttrykker med fornærmande dobbeltheit («bar-bar») det påståtte forsøket til utlendingar på å snakka gresk, eller lyden av utanlandske språk, slik dei høyrdest ut i greske øyre. «Barbarisk» er eit nærskyldt omgrep: «Ein som bablar uforståeleg».

Vidare utvikling endre

 
Romersk bronsestatue av ein bunden germansk barbar.

Romarane overtok det greske ordet og brukte det til å beskriva folkeslag som heldt til i utkanten av Romarriket. I romersk tid nytta romarane ordet «barbar» om germanarar, keltarar, kartagarar, iberarar, trakarar, hunarar, persarar og i ein del tilfelle òg om grekarar. Ordet barbara dukkar òg opp i sanskrit, då med tydinga 'stamming' eller 'plapring'.[2] I seinlatin hadde ordet barbarus fått tydinga 'soldat', fordi romarane for ein stor del leigde inn utanlandske leigesoldatar til hæren sin.[3]

«Barbarisk» er brukt av Paulus i den hellenistiske tydinga si i Det nye testamentet (Romarane 1,14) for å beskriva ikkje-grekarar, og ein som knapt snakkar eit anna språk (1. Korintarbrev 14:11).

I tidleg moderne tid og tidvis seinare blei det nytta om tyrkarar på eit openbert nedsettande vis, grunna tyrkarane si krigføring og grusamheiter.[4][5]

Historisk har omgrepet vore mykje brukt. Mange folkeslag har forkasta ukjente kulturar, eller rivaliserande sivilisasjonar, som barbariske fordi dei var ugjenkjennelege og «merkelege». Grekarane beundra skytarane og dei austlege gallarane som heroiske individ, men rekna kulturen deira som barbarisk. Romarane rekna dei ulike germanske stammane, dei busette gallarane og dei plyndrande hunarane som barbarar, medan han-kinesarane har rekna xiongnu, tartarar, tyrkarar, mongolar, jurcharar, mansjuar og europearar som barbarar. Japanarane kalla europearane nanban, direkte omsett «barbarar frå sør», fordi portugisiske skip såg ut til å komma sørfrå.

I nyare tid har omgrepet blitt mest brukt om «primitive» folkeslag som angreip og herja dei teknologisk meir avanserte sivilisasjonane i oldtida og mellomalderen. I tillegg blir omgrepet i dag brukt om nokon som er valdelege, primitive og generelt usiviliserte.

Moderne populærkultur endre

 
Mann kledd ut som «barbar» ved Texas Renaissance Festival.

I moderne populærkultur opptrer det fantasibarbarar som Conan the Barbarian.[6] I slike fantasiverk er dei negative konnotasjonane som tradisjonelt er knytte til omgrepet «barbarisk» ofte bytte om. Til dømes føregår The Phoenix on the Sword (1932), den fyrste boka i Robert E. Howard sin serie om Conan, kort tid etter at den «barbariske» helten har teke makta i det kaotiske kongedømet Aquilonia frå kong Numedides. Soga antyder klart at riket hadde stor nytte av at makta gjekk frå ein dekadent og tyrannisk arvekonge til ein sterk barbarisk tronrøvar.

Kjente såkalla barbarfolk endre

Europa endre

Asia endre

Afrika endre

Kjelder endre

  1. Webster's New Universal Unabridged Dictionary, 1972, Simon & Schuster Publishing, s. 149
  2. Jones, Terry (2009): Barbarene, forlaget Lille Måne, Oslo, ISBN 978-82-92605-35-6. s. 15
  3. Jones, Terry (2009), s. 237
  4. Εκδοτική Αθηνών, ο Ελληνισμός υπό ξένη κυριαρχία: Τουρκοκρατία, Λατινοκρατία, 1980, s. 34 (på gresk)
  5. Marozzi, Justin (2010): The Way of Herodotus: Travels with the Man who Invented History, s. 311–315
  6. Howard, Robert E., adapted by Roy Thomas and Walt Simonson. «The Hyborian Age». Conan Saga (Marvel Comics) (50–54, 56). Arkivert frå originalen 25. mai 2011. 

Bakgrunnsstoff endre