Berbarar

(Omdirigert frå Berberane)

Berbarar er eit folkeslag frå nordre delen av Afrika som snakkar berbarspråk. Namnet «berbar» kjem frå det arabiske ordet barbar, som kan ha samanheng med nemninga barbar frå gresk. Folket sjølv kallar seg helst amazigh, fleirtal imazighen, som tyder ‘frie menn’, og dei ser på nemninga «berbar» som nedsettande[1].

Berbarområde i Nord-Afrika (farga på kartet)

Berbarar er tradisjonelt nomadefolk. Dei oppstod som folkegruppe i Aust-Afrika for over 10 000 år sidan, og er slik eit urfolk i Nord-Afrika. På 600-talet og 1100-talet blei berbarane fortrengde av innvandrande arabarar, og har sidan stort sett hatt tilhald i fjell- og ørkenområda nord i Afrika.

Kjende berbarar endre

Galleri endre

Referansar endre

  1. N. Kahina, Free People: The Imazighen of North Africa, Independent uncompromising indigenous, 12/3-2013.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Berbarar
  Denne samfunnsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.