Bergens Kreditbank

60°23′37.496″N 5°19′38.111″E / 60.39374889°N 5.32725306°E / 60.39374889; 5.32725306

Bygningen Vågsallmenningen 14-22 som hysa Bergen Kreditbank.

Bergens Kreditbank var ein norsk forretningsbank med hovudkontor i Bergen, skipa i 1928 som avløysing av den tidlegare Bergens Kreditbank frå 1876. I 1975 vart banken slege saman med Bergens Privatbank, som òg hadde hovudkontor i Bergen, og den nye forretningsbanken fekk namnet Bergen Bank. Denne banken var tredje største banken i Noreg då han i 1990 vart slegen saman med Den norske Creditbank (DnC) i Oslo til Den norske Bank (DnB), som med tida vart til den noverande DNB med hovudkontor i Oslo.

Bergens Kreditbanks bygning endre

Bygningen som hysa hovudkontoret til Bergens Kreditbank ligg på Vågsallmenningen 14-22 i Bergen. Dei tidlegare ekspedisjonslokala i fyrste høgda har i lengre tid vore nytta som restaurantlokale, fyrst for ein restaurant med namnet «Banco Rotto».

Bygningen vart oppført i 1876 etter teikningar av arkitekt av Herman Major Schirmer, og vart utvida i 1897 etter teikningar av arkitekt Adolph Fischer og i 1918 etter teikningar av arkitekt Schak Bull. Riksantikvaren freda bygningen i 1986, etter at det ei tid hadde vore på tale å rive han for å byggje nytt på tomta.

Bakgrunnsstoff endre